Inaktiv

Realfaglærar

Arbeidsgiver
BOM - BØMLO VGS, Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Realfaglærar
Frist
24.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Bømlo vidaregåande skule har omlag 400 elevar og 60 tilsette og tilbyr følgjande utdanningsprogram: Studiespesialisering, Påbygging til generell studiekompetanse, Elektro- og datateknologi, Helse- og oppvekstfag, Teknologi- og industrifag, Naturbruk ogTilrettelagt opplæring. Skulen ligg i Bømlo kommune og har to lokasjonar, Leite og Rubbestadneset.

Arbeidsoppgåver

Undervisning i realfag etter kompetanse og behov. Skulen har særleg kompetansebehov innan matematikk og naturfag.
Planlegge, gjennomføre og evaluere undervisninga både sjølvstendig og i
samarbeid med andre.
Leggje til rette for at elevane kan bestå faget med best mogleg resultat ut frå
sine føresetnadar.

Kvalifikasjonar

Undervisningskompetanse i realfag. Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse.
Gode digitale ferdigheiter og erfaring i bruk av IKT som arbeidsverktøy.
Ynskjeleg med erfaring frå vidaregåande skule.
Det er eit føremon om du også har kompetanse til å undervise i programfag på studiespesialisering.

Personlege eigenskapar

Du er oppteken av faga dine.
Du har engasjement og trivast saman med ungdom.
Du bidreg til å skape gode relasjonar, både til elevar og kollegaer
Du har god pedagogisk forståing i tråd med skulen sitt elevsyn
Du er ein trygg og tillitsskapande vaksenperson
Personlege eigenskapar vil bli særleg vektlagt

Vi tilbyr

Me kan tilby eit godt og triveleg arbeidsmiljø på ein flott skule. Tett kollegasamarbeid og god delingskultur. Gode forsikrings- og pensjonsordningar. For stillinga gjeld løns- og arbeidsvilkår fastsett i lov- og avtaleverk.

Andre opplysningar:
I følgje offentleglova §25.2.ledd, kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom dette vert gjort.
Administrasjonsmålet i Vestland fylkeskommune er nynorsk.
Alle nytilsetjingar i Vestland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månadar.

Det er krav om politiattest.

Kontaktinformasjon

Rebecca Hildebrandt-Paulin, ass. rektor /avd. leiar HO/TO , 90037218, rebecca.hildebrandt-paulin@vlfk.no

Arbeidsstad



5430 Bremnes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune



Referansenr.: 4829165718

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 24.06.2024


Sektor
Offentlig
Sted
5430 Bremnes
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
357613953
Sist endret
17. juni 2024 12:51