Inaktiv

Overlege gastroenterologi

Arbeidsgiver
Medisinsk seksjon LSH, Helse Førde
Stillingstittel
Fast stilling som overlege - spesialist gastroenterologi
Frist
11.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Lærdal sjukehus, Medisinsk seksjon har ledig 100% overlegestilling som spesialist i gastroenterologi.

Lærdal sjukehus er eit av 3 sjukehus i Helse Førde. Medisinske legar samarbeidar godt på tvers av lokasjonar. Medisinsk seksjon ved Lærdal sjukehus har 4 overlegestillingar og totalt 6 LIS1 stillingar. Seksjonen har sengepost med 14 senger, derav 2 overvakingssenger, dialysepost og poliklinikk.

Lærdal er ein kommune og eit dalføre i Vestland som strekkjer seg frå Sognefjord i vest til fylksegrensa på Filefjell og Hemsedalsfjell i aust. Lærdal ligg inst ved Sognefjorden med god kommunikasjon til Oslo og Bergen. Her er fantastisk natur med flott turterreng i nærområdet, sommar som vinter. Lærdal har berømt tørt klima der deler av bygda har omtrent like mykje nedbør som Alicante og Palma, Mallorca. Lærdalsdalføret med sidedaler og dei store fjellområda byr på rike moglegheiter for jakt og fiske.

For stillinga krevst det dokumentert autorisasjon.

Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg.



Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsoppgåvene er knytt til poliklinisk verksemd, sengepostarbeid og vaktarbeid innan generell indremedisin. Det er høg kompetanse innan feltet, både hos legar og sjukepleiarar.

Kvalifikasjonar

  • Autorisert som gastroenterolog og spesialist i indremedisin.
  • Ha erfaring frå sengepost, vakt- og poliklinisk arbeid.
  • Må ta del i ansvar for rettleiing for LIS og cand.med.
  • Gode kunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Fagleg engasjement
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Medverke til eit felles godt arbeidsmiljø
  • Trivst med å jobba i eit tverrfagleg team
  • Det er ein fordel å ha kjennskap til pasientsystemet DIPS og til det gastromedisinske utstyret frå Olympus.

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Hjelp med bustad, oppgi i søknaden dersom det er ønskeleg
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Personalhytta på Filefjell

Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Hrafnhildur Yr Elvarsdottir, Seksjonsleiar Medisinsk - og Ortopedisk seksjon Lærdal sjukehus, 415 30 456

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 9

6887 Lærdal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde



Referansenr.: 4820919094

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 11.08.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Sjukehusvegen 9, 6887 Lærdal
Stillingsfunksjon
Lege, Helsepersonell, Lege / Overlege
FINN-kode
357622644
Sist endret
09. juli 2024 12:59