Er du klar for ein spanande start som bioingeniør?

Arbeidsgiver
Medisinsk biokjemi, Avdeling for Laboratoriemedisin, Helse Fonna HF
Stillingstittel
Er du klar for ein spanande start som bioingeniør?
Frist
12.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vil du bli ein av våre nye kollegaer i medisinsk biokjemi? Søk og bli med i vårt team!

Hos oss vil du oppleve varierte arbeidsdagar på ulike program og fagområder. Vi har blant anna klinisk kjemi, hematologi og koagulasjon, allergi og elektroforese, prøvehåndtering, pasientnær analysering og prøvetaking. I tillegg har vi ein fullautomatisert båndløsning som innehar moderne teknologi og ny automatikk.

Som bioingeniør ved medisinsk biokjemi vil du oppleve tett samarbeid på tvers av yrkesgrupper som bidreg til ei spennande kvardag i eit tverrfagleg miljø. Vi tilbyr arbeid i turnus (35,5t), samt omlag arbeid kvar tredje helg etter fullført opplæring.

Medisinsk biokjemi er lokalisert i eit nytt sjukehusbygg med flotte, lyse lokale og fantastisk utsikt. Avdelinga er stolt akkreditert etter ISO 15189 som viser at vi oppfyller krav til kvalitet og kompetanse.
Ta gjerne kontakt ved spørsmål om stillinga, eller ved andre spørsmål! Intervju blir haldne fortløpande og vi er fleksible med tanke på oppstartsdato.

Merk: Det er også ledige vikariat som strekkjer seg over lengre periodar. Vennligst oppgi i søknaden om dette er av interesse.

NYUTDANNA OPPFORDRES TIL Å SØKJE



Arbeidsoppgåver

Rutinedrift på ulike fagområder som:

  • Prøvehandtering og preanalytisk arbeid
  • Hematologi og koagulasjon
  • Klinisk kjemi/immunokjemi
  • Pasientnær analysering ved bl.a blodgassmaskinar og urinanalysar
  • Prøvetaking av polikliniske og inneliggende pasientar

På vakt vil ein samarbeide med ein annan bioingeniør og ein helsesekretær. Då vil oppgåvene ovanfor variere

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som bioingeniør
  • Må meistre norsk munnleg og skriftleg
  • Ønskeleg med erfaring frå arbeid innanfor medisinsk biokjemi eller annan relevant arbeidserfaring

Personlege eigenskapar

Hos oss er det viktig at du:

  • er sjølvstendig, ansvarsbevisst og strukturert
  • trivst i eit aktivt miljø
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • er serviceinnstilit
  • bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • har høg arbeidsmoral

Vi tilbyr

  • For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Triveleg arbeidsmiljø og godt kollegialt klima

Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Benedikthe Celine Hartvigsen, Funksjonsleiar, 93827930, Benedikthe.celine.hartvigsen@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Karmsundgata 120

5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF



Referansenr.: 4828655197

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 12.08.2024


Sted
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Stillingsfunksjon
Ingeniør, Helsepersonell, Annet
FINN-kode
357654188
Sist endret
18. juni 2024 06:20