Vernepleiar/miljøterapeut

Arbeidsgiver
Eining Habilitering, Sveio kommune
Stillingstittel
Vernepleiar/miljøterapeut
Frist
15.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Er du ein engasjert og fleksibel person som ser moglegheiter der andre ser begrensingar? Er du mestringsorientert og opptatt av å bygge gode relasjonar med brukarar?
Då kan det være nettopp deg me leitar etter! Me søkjar no etter ein ny miljøterapeut som med sitt opne sinn ynskjer å arbeide med å få til positive endringar hjå våre bebuarar. Me ser etter deg som har ein positiv innstilling til vanskelige utfordingar og som likar å jobbe systematisk for å oppnå dine mål.

Åsvegen bueining er eit butiltak i eining Habilitering. Våre bebuarar har ein psykisk utviklingshemming, men nokon har også fleire og samansette utfordringar. Me har 1:1 bemanning hjå alle våre bebuarar, på dag og kveld. Me har fokus på kontinuitet og forutsigbarheit for brukarane og har for tida turnus med arbeid kvar 4. helg og vaktar inntil 14 timars varigheit. Det det er lagt opp til mest mogleg samanhengande arbeidsperiodar og dermed lengre arbeidsfrie periodar. Dette er ei ordning som me inngår tariffavtale med fagrøyrsla om og gjeld for eitt år av gangen.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsoppgåvene som ligg til denne stillinga er miljøterapeutisk arbeid hjå ein av våre bebuarar som har psykiske vanskar utover sin utviklingshemming. Ein må dog være innstilt på at noko arbeid også kan være hjå andre bebuarar
  • Evaluering og utarbeiding av planar og prosedyrar
  • Samarbeid med pårørande, verge, lege og spesialisthelsetenesta
  • Fagleg samarbeid med kollegaer i det daglege og i ulike fagmøtar
  • Vernepleiar vil i samarbeid med sjukepleiar ha eit overordna ansvar rundt avdelingas medikamenthandtering
  • Me er ein dynamisk tenesteytar i kontinuerleg endring og arbeidsoppgåvene vil kunne veriere, etter som me stadig ser nye og betre løysingar på avdelinga.

Kvalifikasjonar

  • Autorisert vernepleiar
  • Andre med 3-årig helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning kan og verta vurdert
  • Ønskjeleg med vidareutdanning innan psykiatri, PAS, aggresjonsmeistring eller liknande
  • Erfaring frå arbeid med utfordrande åtferd og psykisk helse blir vektlagt
  • Personleg eignaheit vil bli høgt vektlagt
  • Førarkort kl. B
  • Tilsetting i stillinga krev tilfredsstillande politiattest etter gjeldande lovverk

Personlege eigenskapar

  • Me legg vekt på at du er fleksibel og evnar å tilpassa deg situasjonar og nye arbeidsoppgåver. Lærer av det som er prøvd og søkjer nye og betre løysingar i samhandling med dine kollegaer
  • Du evnar å stå i tøffe situasjonar og har laga deg gode metodar for å gje slipp på stresset etter vanskelege hendingar
  • Du er ein person som er fagleg engasjert og held deg oppdatert på nye metodar
  • Du må kunna jobbe målretta, systematisk og sjølvstendig, samtidig som du er opptatt av å ha eit tett og konstruktivt samarbeid med kollegaer og pårørande

Vi tilbyr

  • Ein lærande og fleksibel arbeidsplass med fokus på forbetringsarbeid
  • Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø, men mange kjekke og dyktige kollegar som stillar opp for og støttar kvarandre på dei utfordrande dagane
  • Interessante faglege utfordringar og høve for fagleg og personleg utvikling
  • Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande regelverk
  • Gode pensjonsordningar gjennom KLP

Kontaktinformasjon

Evy Vihovde Kjellevold, Einingsleiar Habilitering, 97530041, evy.kjellevold@sveio.kommune.no

Arbeidsstad





Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sveio kommune



Referansenr.: 4830369163

Stillingsprosent: 100%

Fast

Startdato: 01.09.2024

Søknadsfrist: 15.08.2024


Sektor
Offentlig
Sted
5550 Sveio
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell, Sykepleier
FINN-kode
357770832
Sist endret
31. juli 2024 11:03