Inaktiv

Lærar eller formidlar: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Arbeidsgiver
Landssamanslutninga av nynorskkommunar
Stillingstittel
Pedagogisk konsulent
Frist
01.08.2024
Ansettelsesform
Prosjekt

Beskrivelse

Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken?




Hva vi ser etter

Deg me leitar etter er engasjert og har lyst til å vera med i eit lærerikt miljø og få meir MÅL på Jæren.


Du likar å formidla og er god til å samarbeida, har gode allmennkunnskapar og arbeider sjølvstendig.


Utdanning og erfaring frå høgskule og/eller universitet er fint, men du treng ikkje vera ferdig studert. Har du erfaring som pedagog er det ein fordel, men ikkje noko krav. Har du arbeidd med journalistikk og/eller informasjonsarbeid er det fint.




Arbeidsoppgaver

Er du i tillegg ein idérik, engasjert og kontaktskapande person med drivkraft til å motivera og begeistra lærarar og elevar i skulen når språk og kultur er på timeplanen?


Då bør du søkja den treårige prosjektstillinga som Nynorskkommunane (LNK) no lyser ut.


Får du stillinga er du sjølv med på å forma innhaldet til prosjektet, men me ser for oss at følgjande område vil vera viktige:


  • Å møta elevar, foreldre, kommunar og skular for å setja fokus på språkarbeidet på ein positiv måte.
  • Å halda fram utviklinga av og informera om eksisterande læringsressursar.
  • Å utvikla arrangement og pedagogiske opplegg som formidlar språk, kultur og litteratur.
  • Å arrangera pedagogiske kurs til i undervisning i skulen, med spesielt fokus på norsk- og samfunnsfagspedagogar.
  • Å arrangera kurs for foreldre slik dei blir kjent med dei ressursar som er for å styrka kunnskapen om nynorsk -- både som hovudmål og sidemål.
  • Å invitera studentar til å vera med å halda kurs og elevmøte om kultur, språk og identitet.
  • Å invitera studentar til å skriva oppgåver som kan vera med å setja fokus på opplæringsmål på Jæren, fakta og konsekvensar og korleis få fleire til å halda på målforma dei starta med i skulen.

Spørsmål om stillinga kan rettast til Svein Olav Langåker, dagleg leiar LNK Nynorskkommunane -- mobil 94875365, e-post post@lnk.no og Einar Schibevaag -- mobil 913 08 972, e-post einar@schibevaag.no


Søknadsfrist: Snarast og seinast 1. august.


Søknad med CV og gjerne nokre arbeidsprøver kan du senda til post@lnk.no.




Vi tilbyr

Prosjektstillinga (100 prosent) går over tre år og arbeidsstaden blir på det nasjonale Garborgsenteret på Bryne. I tillegg får du med deg ei engasjert ressursgruppe som vil bistå deg i arbeidet.


Du får dela kontorplass med dei fem medarbeidarane på Garborgsenteret -- og du får òg åtte kollegaer i Nynorskkommunane som driv redaksjonane Framtida.no i Oslo og Framtida Junior på Stord.

Sektor
Privat
Sted
Hetlandsgata 11, 4344 Bryne
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Annet, Kontor og administrasjon
FINN-kode
357831474
Sist endret
18. juni 2024 04:48