2.gongs utlysing - ergoterapeut 100 % fast stilling

Arbeidsgiver
Kviteseid Omsorg- og meistring
Stillingstittel
Ergoterapeut
Frist
31.07.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Ergoterapitenesta ligg i same hus som fysioterapeutane våre, heimetenesta, kjøkken og vaskeri og omsorgssenteret.




Hva vi ser etter

Kvalifikasjonar:


• Autorisasjon som ergoterapeut


• Interesse for faget og utvikling av dette


• Førarkort klasse B


• God digital kompetanse


• Må kunne beherske norsk godt, munnleg og skriftleg


• Det er ynskjeleg med erfaring frå kommunal helseteneste og hjelpemiddelformidling


Personlege eigenskapar:


• Ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner


• Vera fleksibel, strukturert og løysningsorientert


• Kunne jobbe sjølvstendig og ha stor arbeidskapasitet


• Vera innovativ og nytenkande


• Halde seg fagleg oppdatert


Ein må disponere eigen bil i stillinga.


Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månader.


Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.


Kommunen legg vekt på: psykososialt arbeidsmiljø, samarbeidsevner og mellommenneskelege arbeidstilhøve. Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk.




Arbeidsoppgaver

Arbeidsoppgåver:


• Kartlegging, tilrettelegging og funksjonstrening for å fremje meistring, aktivitet og deltaking


• Hjelpemiddelformidling, tilpassing og oppfylging


• Rettleiing av andre faggrupper, pårørande og brukarar


• Tverrfagleg samarbeid


• Deltaking i kommunen sitt meistringsteam og demensteam


• Vera kommunen sin synskontakt


• Deltaking i kommunens innføring av veldferdteknologiske løysingar


• Medverke til fag- og kvalitetsutvikling av tenesta




Vi tilbyr

Ein kjekk arbeidsplass med kort veg til einingane. Godt arbeidsmiljø der me finn på mykkje kjekt. I Kviteseid har me fleire fritidstilbod, mellom anna golfbane, alpinanlegg, klatrevegg og andre kjekke aktivitetar for born og unge.

Sektor
Offentlig
Sted
KVITESEIDGATA 13, 3850 Kviteseid
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier
FINN-kode
357865457
Sist endret
18. juni 2024 08:15