Inaktiv

Rådgjevar/seniorrådgjevar

Arbeidsgiver
Enhet for inntak Bufetat region vest, avdeling Stavanger, Bufetat
Stillingstittel
Rådgjevar/seniorrådgjevar
Frist
11.07.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Ved Eining for inntak Bufetet, region vest, avdeling Stavanger, er det ledig 100 % fast stilling som rådgjevar/seniorrådgjevar frå snarast.
Hjå oss vil du vere ein del av eit spennande fagmiljø som er opptatt av å vedlikehalde og vidareutvikle kompetanse.

Eining for inntak Bufetat, region vest skal formidle statlege barneverntenester til kommunane i regionen. Eininga sine rådgjevarar får bistand frå nasjonal eining for inntaksstøtte (EIS) og nasjonal inntak for rus og atferdplasseringar (NABE). Eininga har avdelingar i Vestland og Stavanger.

Stillinga inneheld noko reiseverksemd innan eigen region og andre regionar. Sertifikat for bil er nødvendig.

Vi held til i Statens hus, Lagårdsveien 44 i Stavanger. Pr no er vi 19 tilsette i avdelinga.



Arbeidsoppgåver

Kva vil arbeidsdagen din bestå av?

  • Ved førespurnad frå kommunen, skal du gje råd, rettleiing og bistand i enkeltsakar.
  • Du skal ta i mot og saksbehandle tilvisingar om institusjonstiltak og spesialiserte fosterheimar frå kommunen.
  • Du skal gjere forsvarlege vurderingar av eigna tiltak i samarbeid med kommunen sin tilvising.
  • Du skal dokumentere alle delar av arbeidet.
  • Du skal sikre oppfølging av plasseringar i private barnevernstiltak.
  • Du skal delta i samarbeidsmøtar med andre einingar, kommunar og andre instansar.

Kvalifikasjonar

Kva slags bakgrunn har du?

  • Krav til treårig utdanning fra universitet/høgskule på bachelornivå innan barnevernsfag/sosialfag.
  • Ønskeleg med vidareutdanning innan barnevern/psykisk helse/anna vidareutdanning lik 60 studiepoeng.
  • Krav om erfaring frå barnevernsarbeid, og det er ønskeleg med erfaring frå kommunal barnevernteneste.
  • Krav om kompetanse og erfaring om lov, avtaleverk og forvaltning innan fagfeltet.
  • Du har meget god skriftleg framstillingsevne på norsk og gode IKT-kunnskapar.

Personlege eigenskapar

Kven ser vi etter?

  • Du er sjølvstendig og trygg i di arbeidsutføring.
  • Du evnar å leie arbeidsprosessar og har høg grad av sjølvstende.
  • Du har høg arbeidskapasitet og gjennomføringsevne.
  • Du er initiativrik og løysingsorientert.
  • Du er ein lagspelar og har evne til å samarbeide.
  • Du er god til å bidra i kontinuerlege endrings-og betringsprosessar.
  • Du har godt humør og bidrar positivt i arbeidsmiljøet.

For oss er det også svært viktig korleis du som person eignar deg til jobben. Det vil bli lagt vekt på i den totale vurderinga.

Vi tilbyr

  • Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1434 rådgjevar, p.t. kr 565 900 - 667 700 pr. år (ltr. 58-68) eller 1364 seniorrådgjevar, p.t. kr 624 500 - 708 000 pr. år (ltr. 64-71).
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, moglegheit for tilbod om bustadlån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

Opplysningar til deg som søkjer:

  • Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
  • Stillinga er for tida lagt til eining for inntak, avdeling Stavanger.
  • Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
  • Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje kan takast til følge.

Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.

Vitnemål og attester med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal leggast ved elektronisk som vedlegg i Webcruiter, samt takast med ved eit eventuelt intervju.

Kontaktinformasjon

Synnøve Gjerde Nyborg, avdelingsleder, 46 61 94 45

Arbeidssted

Lagårdsveien 44

4010 Stavanger

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Bufetat



Referansenr.: 4830049959

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 11.07.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Lagårdsveien 44, 4010 Stavanger
Stillingsfunksjon
Barnevernspedagog, Rådgivning, Omsorg og sosialt arbeid
FINN-kode
357897483
Sist endret
05. juli 2024 08:34