Blir du med på laget?

Arbeidsgiver
Hå kommune Varhaug skule
Stillingstittel
Lærar
Frist
04.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Varhaug skule er ein skule med 502 elevar og 65 tilsette. Her får du ein arbeidsplass der du vil arbeida med kollegaer som er opptekne av å løfta kvarandre fram. Me vil laga ein skule- og arbeidsdag der trivsel og læring er i fokus. Skulebygningane er funksjonelle, og me er særs nøgde med biblioteket, kantina, amfiet og gode klasserom.

Frå august 2024 har me ledig 100% fast lærarstilling. Kontaktlærar med matematikk er midt i blinken. Lærarutdanna personar er føretrekte, men anna relevant utdanning/bakgrunn vert og vurdert.

Er du ein god klasseleiar og kan tenkja deg å verta ein del av denne kremgjengen, er det bare å søkja innan 30.6.2024.

Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.

Politiattest
Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.

Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Eikevegen 1, 4360 Varhaug
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer
FINN-kode
357898006
Sist endret
27. juni 2024 06:13