Kulturskulelærar, gitar 

Arbeidsgiver
Tysnes kommune
Stillingstittel
Kulturskulelærar
Frist
31.07.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Kultur er kult!

Målsettinga til Tysnes kulturskule, er at me skal vere eit synleg, lokalt ressurssenter for musikk og kulturfagleg arbeid. Kulturskulen skal gje eit frivillig, meiningsfullt og vedvarande opplæringstilbod innan ulike kulturfag, og gje elevane høve til å oppleve meistring gjennom uttrykk og formidling ut frå den einskilde sine føresetnader.

Tysnes kulturskule har følgjande stilling ledig frå 01.08.24:

  • 20 % stilling som gitarpedagog, fortrinnsvis med undervisning onsdagar

Det kan verte aktuelt å utvide stillingsstorleiken dersom etterspørsel tilseier at me må utvide tilbodet.



Arbeidsoppgåver

  • Undervisning av barn og ungdom
  • Bidra i kulturskulen sitt utviklingsarbeid
  • Kulturskulen sin rammeplan vert lagt til grunn for undervisning
  • Samarbeid med føresette

Kvalifikasjonar

  • Høgare praktiskpedagogisk utdanning i utøvande og/eller skapande kunstfag, minimum 3 år
  • Erfaring frå kulturskuleundervisning ev. anna erfaring med undervisning av barn og unge
  • Erfaring frå enkelt- og gruppeundervisning
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Godkjent politiattest må leggast fram ved tilsetjing

Personlege kvalifikasjonar vert tilltagt stor vekt ved tilsetjing

Personlege eigenskapar

    Me søkjer etter ein person med eit brennande engasjement og interesse for å undervise barn og ungdom på alle nivå, i eit trygt og motiverande læringsmiljø. Du må ha gode samarbeids- og formidlingsevne, og evne til å inspirere og engasjere elevgrupper. Me ønskjer ein fleksibel og løysingsorientert kollega og medarbeidar, som er pliktoppfyllande og evnar å arbeide sjølvstendig.

    Me tilbyr

    • Spanande og varierte arbeidsoppgåver
    • Kreative og energiske kollegaer
    • Høve til å arbeide i vakre Tysnes
    • Gode pensjonsordningar gjennom KLP
    • Tilsetjing og løn etter kommunalt regulativ

    Kontaktinformasjon

    Yngve Nikolaisen, Kulturskulerektor, +47 46 81 56 97

    Arbeidsstad

    Uggdalsvegen 301

    5685 Tysnes

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Tysnes kommune



    Referansenr.: 4830925635

    Stillingsprosent: 20%

    Fast

    Startdato: 01.08.2024

    Søknadsfrist: 31.07.2024


    Sektor
    Offentlig
    Sted
    Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal
    Stillingsfunksjon
    Undervisning og pedagogikk
    FINN-kode
    357907869
    Sist endret
    19. juni 2024 09:27