Kapellan i Fana prosti med Os sokn som tenestestad

Arbeidsgiver
Den norske kirke, Bjørgvin bispedøme
Stillingstittel
Kapellan i Fana prosti med Os sokn som tenestestad
Frist
11.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Det er ledig stiling som kapellan i Os sokn. Os ligg i Bjørnafjorden kommune, om lag 30 km sør for Bergen. Bergen sentrum er om lag 25 minutter unna med bil.

Os er eit lokalsamfunn i vekst med gode moglegheiter for friluftsliv, både på sjøen, i skogen og på fjellet, og med gode kulturtilbod.

Kyrkjelyden i Os er ein stor kyrkjelyd med 15 623 er medlemmer (2023). Det er 2 kyrkjer i soknet: hovudkyrkja Os kyrkje frå 1870, og nærkyrkja Nore Neset kyrkje frå 2000. Rett ved Os kyrkje ligg kyrkjelydshuset «Tunet kyrkje- og kultursenter». Tunet er «hub» for mykje av kyrkjelydsarbeidet og gjev rom for alle aldersgrupper i kyrkjelyden frå babysong til seniorarbeid. Det er og utleigd til ulike føremål.

Os sokn sin visjon er Nær Kristus, nær kvarandre, nær kvardagen.

Os kyrkjelyd er ein aktiv kyrkjelyd med eit variert gudstenestetilbod. I 2023 var det totalt 136 gudstenester i soknet. Dette tel både gudstenester på søn- og helgedagar, ungdomsgudstenester, skulegudstenester, dåpsgudstenester og gudstenester på institusjon. Det var 145 dåpshandlingar , 31 par vart vigde og 117 gravlagde i 2023. Talet på konfirmantar i 2023 var 169, og har lege på mellom 140 og 170 dei siste ti åra. I snitt var det i 2023 128 deltakarar pr. gudsteneste.

Kyrkjelyden har eit variert barne- og familiearbeid med kortilbod, familieKRIK, Messy Church og eigne barnesamlingar under gudstenestene. Ungdomsarbeidet disponerer ein eigen fløy i Tunet, og driv ungdomskor, KRIKgruppe, leiartrening, ungdomsgudstenester, sosiale samlingar og leir.

For vaksne blir det arrangert temakveldar, tillegg til at det er ulike interesse- og bibelgrupper. Det er eit aktivt misjonsengasjement i kyrkjelyden. Det er eige arbeid retta mot psykisk utviklingshemma med månadlege samlingar. Samarbeidet mellom kyrkje og skule følgjer ein fast plan, der kateket, kantor og prestar har sine ulike oppgåver.

Som kapellan i Os vil du arbeide i eit kreativt og utviklande miljø, i nært samarbeid med kollegaer, råd og frivillige medarbeidarar. Saman vil vi utvikle kyrkjelyden i tråd med vedtekne planar og strategiar. Kapellanen vil ha eit særleg ansvar innan konfirmantarbeid og ungdomsarbeid saman med kateket og ungdomsleiar.

Kapellanen er knytt til Os sokn, men har Fana prosti som tenestedistrikt og vil inngå i eit samarbeid med dei andre prestane når det gjeld tenesteveker, gudstenester og andre faste presteoppgåver. Prosten leier prestetenesta og kallar jamleg inn til konvent med fagleg fordjuping og åndeleg fornying.

Os sokn har 11 tilsette i fellesrådslinja med dagleg leiar, to konsulentar, frivilligkoordinator/konsulent, diakon, kateket, barne- og familiearbeidar, kyrkjelydspedagog, ungdomsleiar og to kantorar. Det er tre prestestillingar: sokneprest, kapellan og prostiprest. I tillegg kjem driftsavdelinga. Alle tilsette har gode kontortilhøve i kontorfløyen i Tunet.

Målforma i kyrkje og skule er nynorsk. Søkjar bør disponere bil. Vi gjer merksam på at opplysning om søkjarane kan verte offentleg sjølv om søkjaren har bede om at namnet vert unnateke offentliggjering. Den som vert tilsett, må kunne leggje fram politiattest (barneomsorgsattest).

Nøtteliten barnehage på Søfteland har i sine vedtekter at tilsette i Os sokn har fortrinn til plass på lik line som barnehagen sine eigne tilsette. Barnehagen har 5 avdelingar og er einaste barnehage i Os med utvida kristen målsetting.

For meir informasjon om Os sokn, sjå https://kyrkja.no/os

Vi ber om at søknad med CV, vitnemål og referansar vert sendt elektronisk via WebCruiter.



Arbeidsoppgåver

  • Forrette gudstenester og kyrkjelege handlingar etter oppsett plan
  • Deltaking i konfirmantundervisning og anna barne- og ungdomsarbeid knytt til trusopplæringa. Kateketen leier konfirmantundervisninga. Det er om lag 160 konfirmantar (2024)
  • Tverrfagleg samarbeid. Kapellanen tek del i strategiske drøftingar
  • Det må påreknast noko møteverksemd
  • Stillinga inngår i gjeldande ordning for beredskap

Kvalifikasjonar

  • Mastergrad i teologi og praktikum
  • Cand. theol. med praktikum eller tilsvarande

Personlege eigenskapar

  • Du samarbeider godt med kollegaer og overordna
  • Du er fleksibel og driv målretta arbeid
  • Du trivst i folkekyrkja og evner å finne språk og former som kommuniserer den kristne bodskapen i vår tid
  • Du trivst med barn og unge, og er glad i å formidla til desse
  • Ved like kvalifikasjonar vil personlege eigenskapar bli vektlagt

Vi ønskjer ein kapellan som vil:

  • byggje ein kyrkjelyd i lag med stab og råd
  • motiverer og samarbeider med friviljuge slik at aktivitet og gode møteplassar vert skapte

Vi tilbyr

  • Lønsgruppe 0922 kapellan
  • Pensjonsinnskot i Statens pensjonskasse
  • Reiseutgifter godtgjordt etter gjeldande regulativ
  • Til løna kjem særskilde regulativmessige godtgjerdsler
  • Arbeidsrettleiing

Kontaktinformasjon

Kristin Sævik Litlere, Prost, 906 30 687

Therese Nesse Mokkelbost, HR-sjef i Bjørgvin bispedøme, 93612276

Arbeidsstad

Landboden 30

5200 Os

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Den norske kirke



Referansenr.: 4823850535

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 11.08.2024


Sted
Landboden 30, 5200 Os
Stillingsfunksjon
Ledelse, Annet
FINN-kode
358007557
Sist endret
20. juni 2024 06:33