Vil du bli ein del av vårt team på Haugaland DPS i Kopervik?

Arbeidsgiver
Helse Fonna HF
Stillingstittel
Miljøterapeut
Frist
31.07.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Me søkjer etter 3 helgestillingar - 1 stk. på TSB post og 2 stk. på Brukarstyrt post.

TSB post (tidligere Ungdomseiniga) er ein tverrfagleg spesialisert rusbehandlingsinstitusjon som er lokalisert på Haugaland DPS i Kopervik.
Avdelinga tilbyr døgnbasert rusbehandling, og ettervern til unge vaksne pasientar alderen 18-26 år. Me inngår som ein del av det spesialiserte rusbehandlingstilbodet i Helse Vest. Posten er bemanna med spesialsjukepleierar, vernepleierar, sosionomar, miljøterapeutar , lege og psykoslogspesialist.
Turnusen er todelt med arbeid kvar 4.helg. 12 timars vakter laurdag og sundag, i påsken og under ferieavviklinga om sommaren.
Me søkjer etter miljøterapeut med bachelor i helse, sosial eller pedagogiske fag til 25 % fast helgestilling.

Brukerstyrt post er etter omstilling ein ny post innan psykisk helsevern.
Me har 5 døgnplassar kor pasientar med psykiske lidningar, og avtale om brukerstyrt innleggelse, kan skriva seg inn når dei kjenner at dei er i behov av det.
Avdelinga legg recovery og miljøterapi til grunn for behandlinga, og heiar fram pasientens mål og meistring.
Posten er bemanna med sjukepleiarar, vernepleiarar og ein helsefagarbeidar, i tillegg til at ein har samarbeid med andre einingar innanfor psykisk helsevern.
Me søkjer etter 2 sjukepleiarar/vernepleiarar til fast helgestilling på 20%. Turnusen inneber arbeid kvar 3.helg, og vaktene vekslar mellom dag, kveld og 12 timers vakter.



Arbeidsoppgåver

  • Miljøterapi
  • Pasientbehandling i tverrfaglege team
  • Vera ein tydeleg, trygg og engasjert lagspelar i arbeid med pasientgruppa
  • Ansvarsvakt
  • Tilrettelegging for, og deltaking i fysisk aktivitet
  • Tilrettelegging for, og deltaking i samtalar
  • Samarbeid med interne og eksterne instansar

Kvalifikasjonar

  • Høgskule (bachelor) med eller utan relevant videreutdanning
  • Erfaring frå miljøterapeutisk arbeid er ein fordel
  • Erfaring frå tverrfagleg samarbeid er ein fordel
  • Interesse for fysisk aktivitet i behandling (TSB posten)
  • Sertifikat for bil
  • Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i føretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfelle, fråvika kravet om bestått norsktest på B2-nivå

Personlege eigenskapar

Hos oss er det viktig at du:

  • viser engasjement og interesse for pasientgruppa
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonseigenskapar
  • er sjølvstendig
  • har gode relasjonsferdigheitar
  • viser raushet og har godt humør

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Eit svært trivelig arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivs bedrift

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Trude Rødseth Lygre, Funksjonsleiar, trude.rodesth.lygre@helse-fonna.no

Anny Birgitte Iversen, Rådgjevar, anny.birgitte.iversen@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Asaldalvegen 1

4250 Kopervik

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF



Referansenr.: 4823691401

Stillingsprosent: 20, 25%

Fast

Startdato: 19.08.2024

Søknadsfrist: 31.07.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Asaldalvegen 1, 4250 Kopervik
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell, Sykepleier
FINN-kode
358018677
Sist endret
20. juni 2024 07:09