Bioingeniør

Arbeidsgiver
Laboratorieklinikken/ Avdeling for medisinsk genetikk, Helse Bergen
Stillingstittel
Bioingeniør
Frist
04.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Avdeling for medisinsk genetikk (MGM) er ei av åtte organisatoriske einingar i Laboratorieklinikken, Haukeland universitetssjukehus. Avdelinga har regionansvar for genetiske tenester i Helse Vest. Vi har om lag 90 tilsette med ulik yrkesfagleg bakgrunn, og vi er organisert i ein seksjon for klinisk genetikk, ei laboratorieeining med to seksjonar og ein merkantil seksjon. Regionalt kompetansesenter for arveleg kreft (RKAK) og Regionalt senter for presisjonsmedisin er òg knytta til avdelinga. Vi held til i lyse og trivelege lokale i 6. etasje i Laboratoriebygget, medan vår Medisinsk-genetiske poliklinikk er lokalisert til 2. etasje i same bygg.

Verksemda er kjenneteikna av tett integrering mellom klinikk og laboratorium for diagnostisk utgreiing, rettleiing og oppfølging av pasientar og deira familiar med sikker eller mistenkt genetisk tilstand. Fagområdet medisinsk genetikk er i rask endring, basert på ny teknologi som gjer det mogleg å analysere alle dei genetiske variantane til eit menneske i éin prøve. Gjennom utviklinga av persontilpassa medisin forventar vi at raskt aukande kunnskap om variasjon i arvestoffet vil få stor innverknad på medisinsk praksis i framtida. Forsking er ein viktig del av vår verksemd.

Stillinga er knytta til laboratoriediagnostikkseksjonen som utfører cytogenetiske- og molekylærgenetiske analysar på pre- og postnatale prøvar for å sjå etter genetiske avvik som kan vera sjukdomsgivande. Den diagnostiske laboratorieverksemda er akkreditert etter ISO 15189. Rask teknologisk utvikling samt aukande etterspurnad etter våre tenester medfører eit aktivt og travelt arbeidsmiljø i kontinuerleg endring.



Arbeidsoppgåver

  • Delta i dagleg drift
  • Delta i blodprøvetaking av inneliggande og polikliniske pasientar

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som bioingeniør
  • God kjennskap til bruk av laboratorieinformasjonssystem
  • Erfaring med laboratoriearbeid i medisinsk genetikk er ein fordel
  • Arbeidserfaring frå eit akkreditert laboratorium er ein fordel
  • Personlege eigenskapar blir vektlagd
  • Må meistre norsk både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Ansvarsbevisst
  • Sjølvstendig
  • Samarbeidsvillig
  • Fleksibel
  • Nøyaktig
  • Gode kommunikasjonsevner

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Høgt fagleg nivå
  • Fleksibel arbeidstid
  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)

Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Kjetil Solland, Seksjonsleiar, 55975487, kjetil.solland@helse-bergen.no

Atle Brendehaug, Sjefbioingeniør, 55975481, atle.brendehaug@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen



Referansenr.: 4829901247

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 04.08.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Stillingsfunksjon
Ingeniør, Helsepersonell
FINN-kode
358018769
Sist endret
20. juni 2024 07:00