Inaktiv

Vernepleiar 100 % fast - Kvernhusmyrane bufellesskap

Arbeidsgiver
Alver kommune
Stillingstittel
Vernepleiar 100 % fast - Kvernhusmyrane bufellesskap
Frist
11.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Om stillinga

Me har ledig ei stilling med, i utgangspunktet, vanlege vakter i veka og langvakter 4. kvar helg. Turnus som inneheldt langvakter er også under vurdering og kan bli aktuelt. Det er og mogleg å binda seg i 2 år mot ein eingongsutbetaling på 50 000.


Om arbeidsplassen

Kvernhusmyrane bufellesskap ligg sentralt i Knarvik, og er bustaden til 6 personar med utviklingshemming. Vårt mål er å gi tilpassa tenester med mål om at den einskilde person skal oppleve meistring og sjølvbestemmelse, og å få rett hjelp og støtte for å kunne leve eit godt liv. For å få dette til treng me vernepleiar med engasjement og pågangsmot.


Arbeidsoppgåver
  • Fagutvikling og kvalitetssikring av tenestene, - igangsetting, oppfølging og evaluering av tiltak
  • Primærkontaktoppgåver
  • Rettleiing og opplæring av kollegaer og studentar
  • Yte tenester i form av hjelp og rettleiing til bebuarane
  • Oppgåver delegert frå leiar
  • Dokumentere og rapportere i tråd med gjeldande rutinar
  • Samarbeid med legar og spesialisthelsetenesta
  • Pårørandesamarbeid

Kvalifikasjonskrav
  • Offentleg godkjent vernepleiar.
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne.
  • Gode datakunnskapar.
  • Førarkort klasse B.
  • Personleg eignahet blir vektlagt.

Ønskt kompetanse
  • Stort engasjement for faget og brukargruppa
  • Evne til empati og til å sjå den einskilde brukar
  • God fysisk og psykisk helse
  • Evne til å prioritere i ein travel kvardag og få arbeidet unna
  • Gode samarbeidsevner
  • Evne til å takle ande personar sine utfordringar og å møte personar i sårbare situasjonar med tryggleik og respekt.
  • Evne til å etablere og utvikle gode relasjonar til bebuarar og kollegaer.

Vi tilbyr
  • 9000kr over grunnløn i tariffavtale
  • 50 000 i rekrutteringstilskot mot bindingstid i 2 år
  • God pensjonsordning
  • Personleg og fagleg utvikling

Spørsmål om stillinga

Bjørg Konglevoll Lunde, Avdelingsleiar, 99316642, bjorg.konglevoll.lunde@alver.kommune.no


Sektor
Offentlig
Sted
Kvernhusmyrane 18, 5914 Isdalstø
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
358024174
Sist endret
03. juli 2024 08:19