Inaktiv

Vil du bli vår nye helsefagarbeidar?

Arbeidsgiver
Avdeling for rehabilitering, Helse Fonna HF
Stillingstittel
Helsefagarbeidar
Frist
04.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Har du lyst på ein spennande jobb der du får hjelpe pasientar med å gjenvinne funksjon og meistre eige liv og kvardag? Då kan dette vere jobben for deg!

Avdeling for rehabilitering, Helse Fonna (Stord sjukehus) opprettar nye helsefagarbeidarstillingar i samband med utviding av tilbodet vårt innan spesialisert rehabilitering. Rehabiliteringsposten skal auke frå 9 til 13 plassar for spesialisert døgnrehabilitering. Vi har ledig ein 100 % helsefagarbeidarstilling og ein helgestilling for helsefagarbeidar. Stillingane er ledige frå 2. september 2024.

Avdeling for rehabilitering gir spesialiserte rehabiliteringstenester til innbyggjarane i dei 17 kommunane som høyrer til Helse Fonna Helseføretak. Rehabiliteringsposten tilbyr utreiing og behandling til pasientar med ulike samansette funksjonsnedsettingar etter sjukdom/ skade. Hovudtyngda er akutt hjerneslag og annan nevrorehabilitering. Det kan bli aktuelt med andre pasientgrupper når vi utvidar tilbodet vårt, til døme amputasjonspasientar.

Stord kan by på koseleg småbyatmosfære, rikt idretts- og kulturliv og flott natur tett på sjø og fjell. Sjukehuset ligg nær turområde som rehabiliteringspasientane gjer seg god nytte av.

Rehabiliteringsposten er kjent for vårt gode arbeidsmiljø, og vi tar godt imot nye medarbeidarar. Velkommen til å søkje på stilling hos oss!

Arbeidsoppgåver

  • Som helsefagarbeidar ved rehabiliteringsposten får du varierte og utfordrande oppgåver som mellom anna observasjon, trening og kommunikasjon med rehabiliteringspasientar
  • Fokus på trening i primær ADL, styrke pasienten si eiga meistring og deltaking
  • Samarbeid i tverrfagleg team
  • Arbeid kvar tredje helg

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
  • Fordel med vidarutdanning innan rehabilitering
  • Fordel med erfaring frå sjukehus/ spesialisthelsetenesta eller erfaring med rehabilitering
  • Å vere personleg eigna for stillinga vil bli vektlagd

Personlege eigenskapar

Vi søkjer ein person som

  • er motivert og har interesse for fagfeltet
  • har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • kan arbeide godt både sjølvstendig og i team
  • kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
  • ønskjer å vidareutvikle kompetansen sin
  • arbeider målretta og toler å stå i krevjande situasjonar
  • kommuniserer på ein tydeleg måte. Evner å tilpasse og formidle kompleks informasjon til pasientar, pårørande og andre samarbeidspartnarar
  • har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik
  • bidrar til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Ein spennande jobb
  • Arbeid i lag med dyktige medarbeidarar
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Marianne Hollund Espeland, Avdelingsleiar, +47 952 34 329, marianne.hollund.espeland@helse-fonna.no
Camilla Polden Aadland, Funksjonsleiar, +47 53 49 10 15, camilla.polden.aadland@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Tysevegen 64
5416 STORD

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 4831097789
Stillingsprosent: 100, 20%
Fast
Startdato: 02.09.2024
Søknadsfrist: 04.08.2024

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Tysevegen 64, 5416 Stord
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
FINN-kode
358029481
Sist endret
20. juni 2024 11:43