Barne- og ungdomsarbeidar, 100% vikariat

Arbeidsgiver
Gulen kommune
Stillingstittel
Dalsøyra barnehage og skule. Tilsetjing 100% vikar barne- og ungd.13.08.24 - 12.08.25
Frist
07.07.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Om stillinga

Dalsøyra barnehage og skule, avd. Hovden barnehage har ledig 100% vikariat som barne- og ungdomsarbeidar for barnehageåret 2024/2025.

Barnehagane i Gulen har:
  • Fokus på fagleg utvikling i barnehagane, der idear og innspel frå både nyutdanna og erfarne medarbeidarar vert sett på som viktige ressursar
  • Relativt små barnehagar - ein ideell arbeidsstad for nyutdanna pedagogar
  • Godt arbeidsmiljø
  • Tilbod om rettleiing
  • Godt nettverksamarbeid mellom pedagogane i dei ulike barnehagane i kommunen
Arbeidsoppgåver for ein barne- og ungdomsarbeidar
  • Medverke til at barnehagen og skulen er ei god pedagogisk verksemd
  • Medansvar for tilsyn, omsorg og pedagogisk arbeid med borna
  • Delta i planlegging, rettleiing, gjennomføring, evaludering og vurdering i verksemda
  • Nokre av fagarbeidarstillingane i eininga er knytt til arbeid med enkeltborn
Kvalifikasjonar
  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller tilsvarande kompetanse. Søkjarar utan godkjent utdanning kan verte vurdert.
  • Gode norskkunnskapar - både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
  • Trivst, kommuniserer og samhandlar godt med borna, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
  • Kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø for både born og vaksne
  • Er strukturert, men likevel kunne vere spontan i møtet med borna
  • Fleksibel og har gode samarbeidsevner
  • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
  • Løn etter tariff
Sektor
Offentlig
Sted
Hovden 41, 5960 Dalsøyra
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Barnehagelærer, Barnehage / Pedagogisk leder
FINN-kode
358031165
Sist endret
20. juni 2024 11:55