Er du ein sjukepleiar som brenn for faget og som vil gjer ein forskjell for våre bebuarar?

Arbeidsgiver
Suldal kommune Suldal sjukeheim
Stillingstittel
Sjukepleiar
Frist
11.07.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Suldal sjukeheim har for tida 32 plasser fordelt på korttids og langtidsavdeling. Hos oss møter du dyktige engasjerte medarbeidarar.

Me har høg fagkompetanseog mykje hjartevarme, me jobbar for å gi trygg og aktiv omsorg med fokus på livskvalitet. Du vil få ein unik moglegheit til å vera med å påverka og vidareutvikla den nye sjukeheimen. Den vil ligge på Sand, som er kommunesenteret i Suldal, og stå klar for innflytting mai 2025.
Sjukeheimen har årsturnus.
Er du engasjert, likar utfordringar og kjenner ansvar for jobben så er det gjerne deg me søkjer

Om stillinga

  • Stillingsstorleik: 100%
  • Stillingstype: vikar
  • Stilling ledig frå: 24.08.2024

Arbeidsoppgåver

  • Utøve omsorgsfull og fagleg forsvarleg sjukepleie og behandling av bebuarane ved sjukeheimen
  • Stillinga er i turnus, med arbeid 2 av 6 helger.

Krav til kompetanse

  • Autorisasjon som sjukepleiar
  • Ønskeleg at du har førerkort klasse B.
  • Personleg eigenskapar vil bli vektlagt.

Kvalifikasjonar

  • Evne til å arbeide for eit godt arbeidsmiljø
  • Evne til å takle andre personar sine utfordringar og å møte personar i sårbare situasjonar med tryggleik og respekt
  • Gode datakunnskapar
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

Hjå oss i Suldal kommune får du

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Engasjerte og dyktige kollegaer
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar igjennom KLP
  • Bedriftshelseteneste
  • Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
  • Nynorsk som administrasjonsspråk

Andre opplysningar:

  • Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
  • Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltreding. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
  • Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa.
  • Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentlieggjering av søkjarliste

Slik søkjer du

  • Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar.
  • Du kan logge inn via ID-porten, med brukarnamn og passord, via Facebook-profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista.
  • Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju.
  • Treng du hjelp, kan du kontakte kommunen på tlf 52 79 22 00

Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Eidsvegen 1, 4230 Sand
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
358035494
Sist endret
20. juni 2024 12:22