Stipendiat i molekylærbiologi/ funksjonell genomikk
- Arbeidsgiver
- Medisinsk klinikk, Helse Bergen
- Stillingstittel
- Stipendiat i molekylærbiologi / funksjonell genomikk
- Frist
- 31.08.2024
- Ansettelsesform
- Engasjement
Beskrivelse
Ved Medisinsk klinikk, Haukeland universitetssjukehus (HUS), er det ledig ei stilling som stipendiat for ein periode på tre (3) år. Vi er opne for å kombinere PhD-stillinga med annan relevant stilling, og dermed å fordele stipendiatperioden på opptil 5 år. Stillinga er knytta til prosjektet: «Cytokine autoantibodies reveal monogenic inheritance of endocrine autoimmunity» finansiert av «Novo Nordiskfondet». Hovudrettleiar vil vere forskar Anette S. B. Wolff.
Generelt om prosjektet:
I fleire monogene tilstandar får pasientane både hyppige og omfattande infeksjonar (immunsvikt) samtidig med ulike autoimmune manifestasjonar. Det er viktig å diagnostisere slike tilstandar tidleg, og det er ønskeleg å identifisere underliggande sjukdomsmekanismar. Prosjektets hypotese er at slike tilstandar ofte er assosierte med cytokin-autoantistoff i blodet til pasientane. I dette prosjektet vil kandidaten screene biobankar med prøvar frå pasientar som har endokrine og/ eller immunsvikt-diagnosar for autoantistoff mot ulike typar cytokinar, inkludert interferonar, med Luminex-teknologi. Positive funn vil føre til at DNA frå pasienten blir eksom-/genom-sekvenserte og sjeldne variantar i immungen vil vere fokus. Kandidaten vil bidra til analyseringa og tolkinga av NGS sekvenseringsdata. Det vil også vere mogleg å utforske polygene risk «scores» i biobankane og korrelere med autoantistoff-funn.
Kandidaten vil vidare karakterisere nye genvariantar funksjonelt i in vitro cellesystem (kombinert med CRISPR/Cas9-modifisering av gen) og i primærcelleforsøk (med Spekralflow/masse-cytometri, bruk av fosfomarkørar for signalveg-analyse, cellemetabolisme-assay, cytokinanalysar etc.).
Vi tar utgangspunkt i fleire relevante biobankar, som «Register og biobank for organspesifikke autoimmune sjukdommar (ROAS)» og det nye «Forskingsregister og biobank for immunsvikt Vestland» ved HUS. Vi samarbeidar vidare nasjonalt og internasjonalt med andre biobankar.
Stipendiatstilling:
Stipendiatstillinga er ei åremålsstilling. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i ein stipendiatstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen.
Arbeidsoppgåver
Stipendiatens arbeidsoppgåver vil vere både «våtlab» og «tørrlab»-analysar som skildra ovanfor. Forsøka vil skje i moderne laboratoriumsfasilitetar i Laboratorieblokken på Haukeland campus. Det er ønskeleg at kandidaten deltar aktivt i dei bioinformatiske analysane (og tolkingane) i prosjektet. PhD-studenten er venta å utarbeide manuskript til publisering. Opplæring i relevante metodar vil bli gitt, og stipendiaten vil få anledning til å delta på nødvendige kurs.
Den som blir tilsett vil arbeida i eit veksande og stimulerande forskingsmiljø i forskingsgruppa «Endokrin Medisin» (Haukeland universitetessjukehus/Universitetet i Bergen). Gruppa har fleire fokusområde, og dette prosjektet vil inngå i noden til Anette S. B. Wolff. Det vil vere forskarar på ulike nivå og med ulik ekspertise i gruppa, og kandidaten vil få anledning å samarbeide tett med ulike profesjonar i dette translasjonelle prosjektet.
Forskarutdanning:
Etter tilsetjing må stipendiaten søke opptak i doktorgradsprogrammet ved Det medisinske fakultetet, Universitetet i Bergen. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga må vera godkjent av Det medisinske fakultetet innan tre månader etter at du har tiltredd i stillinga.
Kvalifikasjonar
- Søkar må ha fullført mastergrad før søknadsfristen, innan eitt eller fleire av fagområda biomedisin, biostatistikk, bioinformatikk, genomikk, molekylærbiologi, immunologi, medisin (Cand.Med) eller tilsvarande
- I vurderinga vil det bli lagt vekt på interesse og fagleg innsikt innan genomikk og transkriptomikk-analyse («tørrlab»). Kunnskap om analyse av genetisk assosiasjon til sjukdom er relevant
- Interesse for å bruke datakunnskap til å analysere og tolke genomiske og biologiske data er viktig
- Kunnskap om R til bioinformatisk analyse er ein fordel
- Laboratoriumserfaring («våtlab») er krevd, men gode fagkunnskapar i bioinformatikk kan moglegvis kompensere for lite laboratoriumserfaring. Interesse for å lære seg å arbeide på laboratorium er nødvendig
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner
- Evne til å strukturere seg og å kunne jobbe sjølvstendig
- Evne og motivasjon til å gjennomføre eit doktorgradsprosjekt
- God skriftleg og munnleg norsk og engelsk er eit krav
- Personlege og relasjonelle eigenskapar blir vektlagt
Vi tilbyr
- Lønn etter Helse Vests satsar for doktorgradsstipendiat (stillingskode 1378)
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Velferdsordningar i Helse Bergen
- Høgt fagleg nivå
- God anledning til å gjennomføra eit doktorgradsarbeid
Søknaden må innehalde:
- Ei kort oppsummering av relevant kompetanse, erfaring og motivasjon for å søke stilling
- Attesterte kopiar av vitnemål (all høgare utdanning) og relevante attestar
- Søkarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle godkjenning av at utdanninga samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om generell godkjenning av høgare utdanning
- Ei oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
- Kontaktopplysningar til to personar som kan vere referanse
- Liste over eventuelle vitenskapeleg arbeid (publikasjonsliste)
- Vi gjer merksam på at søknadar blir vurdert med den informasjonen og dei vedlegga som er knytta til søknaden i Webcruiter når søknadsfristen går ut. Vedlegga må vere på engelsk eller norsk, og eventuelle omsettingar må vere attesterte. Det er søkar sitt ansvar å sørge for at all informasjon er lagt inn innan fristen
Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Anette S. B. Wolff, forskar, 91623378, anette.susanne.boe.wolff@helse-bergen.noArbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4831292537
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Startdato: 01.10.2024
Sluttdato: 30.09.2027
Søknadsfrist: 31.08.2024
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Stillingsfunksjon
- Forskning/Stipendiat/Postdoktor, Ingeniør, Annet
- FINN-kode
- 358065539
- Sist endret
- 21. juni 2024 06:12