Brannkonstablar
- Arbeidsgiver
- Kvam brann- og redningsvesen, Kvam herad
- Stillingstittel
- Brannkonstablar
- Frist
- 11.08.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Me søkjer brannkonstablar til Kvam brann- og redningsvesen.
- Ledige stillingar frå hausten 2024
- Kvam brann- og redningsvesen er organisert med deltidspersonell knytt til brannstasjonane i Norheimsund, Oma og Ålvik.
Les meir om oss her:Kvam brann- og redningsvesen
Arbeidsoppgåver
- Delta i innsatsstyrke ved brann- og redningsoppdrag. For stillinga i Norheimsund er det med heilkontinuerlig turnus kvar 4. veke
- Oppretthalda og auka eigen og etaten sin faglege kompetanse gjennom kurs og øvingar
- Halda seg oppdatert på lokalkunnskap og framkomelegheit
- Gjennomføra beredskapsrelatert førebyggjande arbeid
- Vedlikehalda beredskapsmateriell
- Trena og halda seg fysisk skikka til å kunna røykdykka og andre arbeidsoppgåver lagt til tenesta
- Vera ein god ambassadør for Kvam brann- og redningsvesen
- Mannskap i alle brann- og redningsvesen skal vera motivert for å hjelpa folk, vera innstilt på, og må samarbeida med kollegaer i brann- og redningsvesen, ambulansepersonell, politiet og andre under øving og innsats.
Kvalifikasjonar
- Bestått videregåande utdanning på fagarbeidarnivå, eller 3 års yrkeserfaring frå relevant yrke (praktiske fag)
- Du må bu i samme bygda som brannstasjonen ligg i og det er ei føremon om du har ditt daglege arbeid der
- Det er krav om innsatstid
- Dokumentert løyve frå arbeidsgjevar for å delta i brann- og redningsvesenet må leggjast fram
- Du må ta del i den opplæringa det vert stilt krav om i stillinga
- God fysisk og psykisk helse. Det vert stilt fysiske krav for tenesta som må stettast
- Du må ha tilfredsstillande helseattest, også for røykdykking
- Du må vera symjedyktig
- Førerkort klasse B uavbrutt i minimum 2 år
- Søkjar med utvida førarkort i kl. C vert føretrekt. Alternativt må ein vera villig til å tileigna seg dette
- Plettfri vandel. Den som får tilbud om stilling, må vera førebudd på å leggja fram utvida politiattest
- Beherska norsk skriftlig og munnleg
Naudsynleg opplæring er eit sentralt krav, og du må vera førebudd på å be om fri/permisjon frå ditt faste arbeid for å gjennomføre deler av denne
Personlege eigenskapar
- Du har gode samarbeidsevner, er tilpasningsdyktig og bidreg til god lagånd
- Du vernar om etikk og verdiar
- Du er lærevillig og interessert i kontinuerleg fagleg utvikling
- Du er praktisk og løysningsorientert
- Du er oppteken av HMS og føl instruksjonar og prosedyrar
- Du vert kjenneteikna av eit roleg vesen og rasjonelt tankesett i stressa situasjonar
- Du har ikkje klaustroforbi eller er redd for høgder
- Serviceinnstilt og engasjert
- Raus og inkluderande
- Du er empatisk, fordomsfri og har gode haldningar og møter andre på ein respektfull og open måte
Personleg eigenskapar er viktig i stillinga og vert vektlagt.
Vi tilbyr
- Ei spennande stilling med utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
- Godt arbeidsmiljø
Generell informasjon:
Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Kontaktinformasjon
Torleif Ones, Leiar Kvam brann og redning, +47 901 46 975Arbeidsstad
Steinsdalsvegen 1105600 Norheimsund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kvam heradReferansenr.: 4829830718
Stillingsprosent: 2,64%
Fast
Søknadsfrist: 11.08.2024
- Antall stillinger
- 2
- Sted
- Steinsdalsvegen 110, 5600 Norheimsund
- Stillingsfunksjon
- Sikkerhet, Annet, Brannvern
- FINN-kode
- 358067360
- Sist endret
- 21. juni 2024 06:10