Postdoktor i narrativ teori og kunstig intelligens

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Postdoktor i narrativ teori og kunstig intelligens med vekt på ikkje-vestlege forteljingar
Frist
01.08.2024

Beskrivelse

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?


Postdoktor i narrativ teori og kunstig intelligens med vekt på ikkje-vestlege forteljingar ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Velkomen som søkjar til ei ledig postdoktorstilling i narrativ teori og kunstig intelligens med vekt på ikkje-vestlege forteljingar ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium. Planlagd oppstart er 01.11.2024 eller etter avtale. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år. Dette er ei av to postdoktorstillingar som no lysast ut og som er tilknytt prosjektet AI STORIES. Du blir del av eit stort og dynamisk forskingsmiljø som utviklar narrativ teori som er nyttig i forsking på generativ kunstig intelligens (KI). Du skal og leie eit delprosjekt som utforsker generativ KI som er trent opp på ikkje-vestlege forteljingar frå ein kultur kor engelsk er eit offisielt språk eller daglegspråk, som til dømes India eller Nigeria.


Om Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Instituttet femner om program i digital kultur, kunsthistorie, teatervitskap, litteraturvitskap, lingvistikk, klassisk filologi, nordisk språk og litteratur, norrønt, norsk som andrespråk og norskkurs for utanlandske studentar og tilsette ved Universitetet i Bergen. Instituttet er stolt vertskap for Senter for digitale forteljingar (Center for Digital Narrative, CDN), eit norsk senter for framifrå forsking (SFF). I 2025 vil CDN ha over 30 tilsette. Senteret har sitt eiga bygg i sjølve hjartet av UiB sitt universitetsområdet.

Den som vert tilsett vil ha arbeidsstad ved CDN. Senteret har fokus på algoritmisk narrativitet, nye miljø for forteljingar og dei skiftande kulturelle kontekstane kor digitale forteljingar vert mottatt og omarbeidde i. Forskarane ved senteret undersøkjer korleis samspel mellom menneskelege forfattarar og ikkje-menneskelege agentar fører til nye forteljingsformar, korleis materialiteten til digitale forteljingar har endra seg over tid, og korleis kulturelle samanhengar formar korleis digitale forteljingar vert brukte og fungerer.


Om prosjektet

AI STORIES: Narrative Archetypes for Artificial Intelligence, eit ERC Advanced Grant leia av professor Jill Walker Rettberg. Prosjektet skal utforske og teste hypotesen om at djupe narrative strukturar i datasetta som vert brukte til å trene generative KI-modellar, blir reprodusert og kanskje forsterka i tekstar produsert av KI. Ei slik forsterking kan føre til fordreiingar av forteljingar som er kulturelt spesifikke.


Arbeidsoppgåver:
  • Arbeide i eit forskingsteam for å utvikle narrativ teori som samanfattar og utvidar noverande forsking for forstå narrativitet i generativ KI. Dette omfattar mellom anna å utvikle ein grundig litteraturgjennomgang av relevante narrative teoriar, samt å byggje vidare på desse for å utvikle nye teoretiske rammeverk.
  • Forske på spesifikke trekk i ikkje-vestlege forteljingar frå ein kultur kor engelsk er eit offisielt språk eller daglegspråk, som til dømes India eller Nigeria, og samarbeide med prosjektteamet for å utvikle evalueringskriterium for eksperiment for å vurdere narrative skeivheiter i tekstane generativ KI trent opp på slike forteljingar produserar.
  • Publisere vitskaplege artiklar, samt presentere forskinga på vitskaplege konferansar og for allmenta, teknologinæringen, politikarar og andre relevante aktørar.
  • Vere medforfattar på ein vitskapleg monografi om narratologi og KI saman med prosjektleiar Jill Walker Rettberg og den andre postdoktoren på prosjektet.
  • Bidra til planlegging av seminar og leie organiseringa av einskilde arrangement.

Om postdoktorstillinga

Postdoktorstillinga har ei ramme på fire år, og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Den som blir tilsett må utarbeide ein plan for dette kvalifiseringsarbeidet i samråd med instituttet. Samla postdoktorperiode er fire år, der 25 prosent av tida nyttast til anna, karrierefremjande arbeid knytt til undervisning, formidling og administrasjon. Plan for denne delen av stillinga blir avtalt med instituttet ved tilsetjing.

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett, gjennomfører postdoktorprosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. Tilsetjing i postdoktorstilling krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og rettar seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.


Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:
  • Søkjar må ha norsk doktorgrad (ph.d.) eller tilsvarande utanlandsk grad innan litteraturvitskap, andre litterære fag, digital kultur, medievitskap eller andre relevante fag. Doktoravhandlinga må vere levert før søknadsfristen er ute, og oppnådd doktorgrad er eit vilkår for tilsetjing.
  • Søkjar må ha ekspertise i narrativ teori og analyse. Dette kan vere narratologi, andre litteraturteoriar relatert til narrativitet, eller etnografiske teoriar knytta til munnleg forteljing og tverrkulturelle narrativ. Dokumentasjon på dette kan vere publikasjonar, at ein har undervist i temaet, eller at ein har studert temaet.
  • Søkjar må ha ekspertise på ikkje-vestlege narrative tradisjonar i ein kultur kor engelsk er eit offisielt språk eller eit daglegspråk, til dømes India eller Nigeria. Dokumentasjon på dette kan vere publikasjonar, at ein har undervist i temaet, at ein har studert temaet, eller har utdanning frå eller har vokst opp i ein relevant kultur.
  • Søkjar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjar må beherske engelsk, skriftleg og munnleg.

Det er ein føremon dersom kandidaten har:

  • Noko erfaring med digitale forteljingar eller generativ KI, men solid kunnskap i narrativ teori og motivasjon til å nytte kunnskapen på generativ KI er viktigare.

Søkjarar må leggje fram ei prosjektskisse med framdriftsplan for hovudaktivitetane i prosjektet, samt ein plan for publisering av forskingsresultata i internasjonale, anerkjende kanalar.

Ved vurderinga av søknadene blir det lagt vekt både på den vitskaplege kvaliteten i prosjektskissa, kor gjennomførleg dei skisserte prosjekta erog dei faglege grunnkvalifikasjonane hjå søkjarane.

Ved tilnærma like kvalifikasjonar mellom dei rangerte søkjarane, vil det bli lagt vekt på fagstrategiske omsyn, motivasjon og kor personleg eigna søkjarane er.


Vi tilbyr:
  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Løn tilsvarande lønssteg 64 (kode 1352) i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida ei bruttoårsløn på kr 624 500 i full stilling før skatt. Vidare lønsopprykk skjer etter ansiennitet i stillinga.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Gode velferdsordningar

Slik søkjer du stillinga:

Søknaden skal sendast elektronisk via lenka «SØK STILLINGA» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet. Søknaden skal innehalde:

  • Eit søknadsbrev (2-3 sider) som gjer reie for dine forskingsinteresser og kompetanse, og korleis desse gjer deg velegna til stillinga som postdoktor knytt til AI STORIES-prosjektet.
  • Ei prosjektskisse på 1-2 sider som gjer reie for korleis du meinar ein best kan utvikle narrativ teori for å analysere narrative fordreiningar («bias») i generativ KI. Du kan sende ein mail til prosjektleiar Jill Walker Rettberg (jill.walker.rettberg@uib.no) for å få lese prosjektskissa for heile AI STORIES.
  • Litteraturliste for prosjektskissa.
  • CV.
  • Fullstendig liste over alle vitskaplege arbeid (publikasjonsliste).
  • Inntil fem vitskaplege arbeid (kan inkludere avhandlingar, monografiar og artiklar) som vil bli særleg vektlagde i vurderinga av akademiske kvalifikasjonar.
  • Ei kort oppsummering av doktoravhandlinga (inntil tre sider).
  • Karakterutskrift og vitnemål som dokumenterer fullført bachelor- og mastergrad, og som viser at doktoravhandlinga er levert inn.
  • Relevante attestar og stadfestingar.
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, der ein av desse må vere hovudrettleiaren frå doktoravhandlinga.

Søknad og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format, og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen.

Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.

Nærare om tilsettingsprosessen her.


Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte instituttleiar, professor Anders Fagerjord, e post: anders.fagerjord@uib.no, telefon: +47 55588431 eller prosjektleiar, professor Jill Walker Rettberg, e-post: jill.walker.rettberg@uib.no, telefon: +47 55583653.

Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet på e-post: fakadm@hf.uib.no.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.


Sektor
Offentlig
Sted
Langes gate 1-3, 5007 Bergen
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Forskning/Stipendiat/Postdoktor, Annet
FINN-kode
358130046
Sist endret
21. juni 2024 05:40