Vil du komme til Måløy?Fastlege/ALIS stillingar hjå Måløy Legesenter 

Arbeidsgiver
Helsetenesta, Kinn kommune
Stillingstittel
Fastlege i Måløy
Frist
04.08.2024

Beskrivelse

Kinn kommune har ledig 2 fastlegeheimelar som sjølvstendig næringsdrivande ved Måløy legesenter. Heimelen er ledig for snarleg oppstart.

Legekontoret har 9 faste heimlar og ein LIS1 knytt til kontoret. Alderssammensetninga blant legane på kontoret er mellom 30 - 60 år. Det er tre legar som er spesialistar i allmennmedisin, dei andre er under spesialisering. Listestorleik på fastlegelistene er 800 pasientar. I ein oppstartsfase kan det for legar i starten av spesialiseringa avtalast redusert listelengde ei periode.

Kontoret har tilsett legar og hjelpepersonell med lang erfaring og brei faglig kompetanse. Hjelpepersonell i kontoret er kommunalt tilsett.

Kontoret nyttar Infodoc EPJ og Convene betalingssystem.

Legekontoret er godt etablert i lyse og fine lokaler sentralt i rådhuset i Måløy. Tal innbyggjarar som bur i Kinn kommune er ca 17200 . Av desse er det om lag 5500 som bur i Måløy og omegn og som soknar til dette legekontoret. På rådhuset finn du også helsestasjon, barnevern, NAV, administrasjon og servicekontor.



Arbeidsoppgåver

  • Fastlegepraksis
  • Legekontoret har legevakt på dagtid kl. 08.00 - 16.00 måndag til fredag.
  • For legevakt på kveld, helg og natt er det etablert interkommunal legevakt, Nordfjord legevakt som lokalisert til Nordfjord sjukehus på Nordfjordeid, (ca 45 min kjøretur frå Måløy).
  • Vaktbelastninga er i underkant av 3 vakter pr månad, fastløn.
  • Tilplikting til kommunal bistilling etter gjeldende avtaler.

Nordfjord legevakt har 5 kommunale ØDH/obs - senger som er samlokalisert og knytt til legevakta.
Vaktbelastning med eit gjennomsnitt på om lag 3 vakter per månad med vaktlengde på maksimalt 9 timar, fastløn. Legevakta er alltid bemanna med 2 sjukepleiarar i 3-delt vakt.

Kvalifikasjonar

  • Interesse for allmennmedisin
  • Gyldig norsk autorisasjon
  • Gode norskkunnskaper både skriftlig og munnleg
  • Ferdig med LIS 1 - tjeneste og som har byrja på eller ferdig med spesialiteten i allmennmedisin

Personlege eigenskapar

  • Sjølvstendig og fleksibel
  • Gode samarbeidsevner
  • Pasienten i fokus
  • Bidrar til positivt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Varierte fastlege oppgaver
  • Godt tverrfaglig samarbeid
  • Ein framtidsretta arbeidsplass i utvikling

Tilrettelegging for spesialistutdanning, ALIS- tilskot

Driftsavtalen med kommunen er ein null- avtale der kommunen driftar praksis ( kontorlokale, utstyr og hjelpepersonale 5,6 årsverk) i byte mot per capita tilskotet.
Lønn for offentlig arbeid etter lokal særavtale


Lønn for offentlig arbeid etter avtale.

Kontaktinformasjon

Christel Midtgaard Angelshaug, Avdelingsleiar, 99044655, christel.midtgaard.angelshaug@kinn.kommune.no

Katrine Holvik Skinlo, Tenesteleiar, +47 97531483, katrine.holvik.skinlo@kinn.kommune.no

Arbeidsstad

Gate 1 64

6700 Måløy

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kinn kommune



Referansenr.: 4750659336

Stillingsprosent: 100%

Anna

Søknadsfrist: 04.08.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Gate 1 64, 6700 Måløy
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Lege
FINN-kode
358133921
Sist endret
08. juli 2024 09:01