Inaktiv

Off. godkjent sjukepleiar  

Arbeidsgiver
Omsorg og sjukeheim, Ørsta kommune
Stillingstittel
Off. godkjent sjukepleiar Korttidsavdelinga
Frist
10.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Er du sjukepleiar og ser etter nye utfordringar?

Vi søkjer etter ein fagleg engasjert og ansvarsfull medarbeidar som ønsker å vere med på å vidareutvikle ei teneste i endring. Du må kunne jobbe sjølvstendig i ein hektisk kvardag men du vil få dyktige kollegaer på laget. Vi jobbar målretta med individuell pleie og omsorg med høg kvalitet.

Korttidsavdelinga er ei spennande og utfordrande avdeling å jobbe i. Her er god dekning med sjukepleiarar, og eit godt fagmiljø. Vi samarbeider nært med andre faggrupper i kommunen og har eigen fysioterapiressurs knytt til avdelinga. Korttidsavdelinga driv kommunen sitt augneblikkleg hjelp tilbod til pasientar som treng det. Vi har ein variert kvardag der det kan vere behov for at vi utfører til dels avansert og teknisk sjukepleie. Korttidsavdelinga har 16 rom.

Vi ynskjer medarbeidarar som er fleksible, gode på kommunikasjon og samarbeid, som har humør og evne til å arbeide i eit miljø med omstilling og utfordring.



Arbeidsoppgåver

Vi gir eit allsidig tilbod innan kartlegging, rehabilitering, avlastning, behandling av akutt sjukdom, palliativ pleie mm.

Kvalifikasjonar

  • Sjukepleiefaglege oppgåver
  • Fokus på forebygging og støtte opp under brukar sine eigne ressursar
  • Samhandle med brukar, pårørande og andre samarbeidspartar
  • Veiledning og opplæring av medarbeidarar
  • Utføre pleie og omsorgsoppgåver fagleg og etisk
  • Oppfølging og implementering av interne rutine og retningslinjer

Personlege eigenskapar

  • Relevant arbeidserfaring
  • Fleksibel
  • At du er utviklingsorientert, serviceinnstilt og har gode samarbeidseigenskapar
  • At du kan arbeide målretta, systematisk og sjølvstendig
  • God arbeidskapasitet og stabilitet vert vektlagd
  • Evne til skriftleg og munnleg framstilling. Kommunen nyttar nynorsk som målform

Vi tilbyr

  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Faste fagdagar
  • Moglegheit for å jobb langvakter
  • Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP

Stillinga er plassert i HTA kap. 4 gr. 2 -stillingar med krav om minimum 3-årig høgskuleutdanning
Stillingskode 7174 sjukepleiar

Arbeidsvilkår:
Dag/kveld inkl. helgar

Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk.

Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde. Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju.

Prøvetid i faste stillingar er 6 månadar, der fråvær går til fråtrekk.

Dokumentasjon
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Om offentleglova I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.

Kontaktinformasjon

Dagrun Opsal, Avd.leiar, 480 70 965, dagrun.opsal@orsta.kommune.no

Wenche Flo, Tenesteleiar, 957 12 120, wenche.flo@orsta.kommune.no

Arbeidsstad

Håkonsgata 78

6150 Ørsta

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ørsta kommune



Referansenr.: 4829742186

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 10.08.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Håkonsgata 78, 6150 Ørsta
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
358141057
Sist endret
21. juni 2024 08:54