Inaktiv

Offentleg godkjent helsefagarbeidar Ørstaheimen Korttidsavdelinga

Arbeidsgiver
Omsorg og sjukeheim
Stillingstittel
Off. godkjent helsefagarbeidar Ørstaheimen Korttidsavdelinga
Frist
10.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Ved Korttidsavdelinga er det frå 1.9.2024 ledig 100% stilling for off. godkjent helsefagarbeidar. Korttidsavdelinga er ei spennande og utfordrande avdeling å jobbe i. Korttidsavdelinga driv kommunen sitt augneblikkleg hjelp tilbod til pasientar som treng det. Korttidsavdelinga har 16 rom.
Vi ynskjer medarbeidarar som er fleksible, gode på kommunikasjon og samarbeid, som har humør og evne til å arbeide i eit miljø med omstilling og utfordring.
Vi søkjer etter inspirerte medarbeidarar som kan bidra til optimal livskvalitet for den enkelte bebuar.



Arbeidsoppgåver

Vi arbeider etter primærkontaktprinsippet og har fokus på medisinsk oppfølging, ernæring og trivsel for den enkelte. Avdelinga er lokalisert på Ørstaheimen og vi samarbeider med andre faggrupper i kommunen. Vi legg vekt på at alle som bur her skal oppleve ein verdig alderdom i eit trygt miljø.

Kvalifikasjonar

  • Søkjaren må vere off. godkjent helsefagarbeidar
  • Det vert stilt krav til politiattest ved tilsetting

Personlege eigenskapar

  • Du må ha eit ønske om å gjere ein god jobb i arbeid med menneske
  • Du må også ha interesse og gjennomføringsevne når det gjeld å gi brukarane godt innhald i dagane
  • Likar utfordringar og takle raske endringar i arbeidsoppgåver
  • Tek initiativ og ansvar
  • Relevant arbeidserfaring
  • Er fleksibel og har evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre
  • Har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
  • Evne til skriftleg og munnleg framstilling. Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon

Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde.

Vi tilbyr

  • Gode kollegaer og eit triveleg arbeidsmiljø
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP

Arbeidsvilkår: Dag/kveld, inkl. helgar.

Stillinga er plassert i kap. 4GR1.2- Fagarbeidarstilling
Stillingskode 7076 Helsefagarbeidar

Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk

Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju. Ved intervju og ved tilsetjing skal det leggjast fram dokumentasjon av vitnemål og attestar.

Dokumentasjon
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Om offentleglova
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.

Kontaktinformasjon

Dagrun Opsal, Avd.leiar, 480 70 965, dagrun.opsal@orsta.kommune.no

Wenche Flo, Tenesteleiar, 957 12 120, wenche.flo@orsta.kommune.no

Arbeidsstad

Håkonsgata 78

6150 Ørsta

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ørsta kommune



Referansenr.: 4829756351

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 10.08.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Håkonsgata 78, 6150 Ørsta
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
FINN-kode
358141265
Sist endret
21. juni 2024 09:54