Inaktiv

100% stilling som ingeniør innanfor geodata/oppmåling ved Byggesak

Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Byggesak, kart og oppmåling
Frist
04.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

100% fast stilling som ingeniør innanfor geodata/ oppmåling

Arbeidsoppgåver:

Stillinga ligg til verksemd for byggesak, kart og oppmåling i Ullensvang kommune. Verksemda har felles leiar med landbruk, havbruk og skogbruk. Verksemda har i dag omlag 12 tilsette - av desse har 1 person hovudsakeleg jobba med geodata. Denne stillinga er no ledig.

I stillinga vil du vere sentral i forhold til kommunen sitt arbeid med geodata. Ajourføring, forbetring og utvikling av kartdatabasane er sentrale arbeidsoppgåver, men du vil og bidra inn i kommunen sitt plan- og utviklingsarbeid. Du vil samarbeide med byggesak, plan og landbruk, samt veg og vann- og avløp.

I stillinga ligg det og oppmålings- og landmålingsoppgåver, der i blant gjennomføring av oppmålingsforretningar. Stillinga kan og verte tillagt andre oppgåver ved behov. Ullensvang kommune nyttar GISLINE og Acos websak, og kjennskap til desse vil vere ein fordel.

Ynskte kvalifikasjonar:

  • Utdanning frå universitet eller høgskule, minimum bachelornivå, fortrinnsvis ingeniør

  • Relevant erfaring vil i visse tilfelle kunne vege opp for manglande utdanning

  • Kunnskap/ erfaring innan GIS, bruk av geodata og landmåling

  • Kjennskap til plan- og bygningslova og matrikkellova

  • Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg

  • God IKT-kompetanse

  • Bilsertifikat

  • Gode digitale ferdigheiter

Personlege eigenskapar:

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner

  • Er serviceinnstilt

  • Evne til å arbeide sjølvstendig og systematisk

  • Ynskje om å bidra til å utvikle kommunen

  • Personlege eigenskapar vert vektlagt

Me tilbyr:

  • Fast 100% stilling

  • Interessante arbeidsoppgåver i eit kompetent og utviklingsretta fagmiljø

  • Lønn etter avtale

  • Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.

  • Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen



Me ynskjer ikkje kontakt med annonsørar.

Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Opheimsgata 31, 5750 Odda
Stillingsfunksjon
Ingeniør, Konsulent, Rådgivning
FINN-kode
358142212
Sist endret
21. juni 2024 09:10