Stillingar som miljøterapeut, for tida i Bismotunet bufellesskap

Arbeidsgiver
Skjåk Kommune Sentraladministrasjon
Stillingstittel
Stillingar som miljøterapeut, for tida i Bismotunet bufellesskap
Frist
04.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi har ledig 100% stilling som miljøterapeut frå 01.09.2024. Stillinga er for tida i turnus med langvakter og arbeid 4. kvar helg.


Det er i tillegg ledig 75% vikarstilling som miljøterapeut frå 01.09.24 til 31.01.2025. Stillinga er for tida i turnus med arbeid 3. kvar helg. Vikariatet kan bli forlenga, og stillinga kan bli fast.


Bismotunet bufellesskap er ein del av heimetenesta for funksjonshemma i Skjåk kommune. Dette er eit nytt heildøgns bemanna bufellesskap med både faste bebuarar og avlastningsplassar for barn og unge. Vi har fokus på velferdsteknologi, og vi er med i det nasjonale programmet frå Helsedirektoratet for innføring av velferdsteknologi. Tenesta har tett samarbeid med det spesialpedagogiske teamet i skulen.


Arbeidsområde


  • Du vil utføre oppgåver knytt til målretta miljøarbeid med barn - og/ vaksne funksjonshemma
  • Det kan bli lagt fagansvar til stillingane

Kvalifikasjonar


  • 3-åring relevant høgskuleutdanning
  • Førarkort klasse B
  • Godkjent politiattest

Vi vektlegg at du


  • har erfaring frå liknande arbeid og målretta miljøarbeid med barn og vaksne
  • har god kjennskap til vedtak om bruk av tvang og makt etter kap. 9 i lov om kommunale helse- og omsorgstenester
  • er fleksibel i høve til omstillingar
  • har evne til å arbeide sjølvstendig
  • har gode samarbeidsevner
  • tek ansvar for fag og fagutvikling i det daglege miljøarbeidet
  • tek sjølvstendig initiativ til aktivitet med brukarane i sentrum
  • har god norskkunnskap, kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk
  • har generell forståing for bruk av teknologi som td. velferdsteknologi
  • dokumenterer i høve til lover og forskrifter
  • arbeidet kan vere fysisk belastande

Vi tilbyr


  • Tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale
  • Pensjonsordning i KLP

Spørsmål kan rettast til tenesteleiar Gudrun Teigen mobil 95982598.


Søknadsfrist 4. august


  • Elektronisk søknadsskjema
  • Søkjarlista vil bli offentleggjort

Kommunedirektøren

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Moavegen 30, 2690 Skjåk
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell
FINN-kode
358148178
Sist endret
24. juni 2024 01:27