Kokk på Tysnes omsorgssenter

Arbeidsgiver
Tysnes kommune
Stillingstittel
Kokk Tysnes omsorgssenter
Frist
21.07.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

På kjøkkenet hos oss legg me vekt på god, næringsrik mat, laga frå grunnen etter lokale
tradisjonar. Me samarbeider tett med avdelingane for å sikre
persontilpassa ernæring og gode matopplevingar for brukarane.

Kjøkkenet produserer middag 5 dagar i veka etter kok/kjøl metode til institusjonen og til heimebuande.

Tysnes omsorgssenter har 30 bebuarar i institusjonsdelen, 10 omsorgsbustader og eit dagsenter for personar med demens.



Arbeidsoppgåver

  • Dagleg matproduksjon av middag, dessert og varm lunsj. (5 dg i veka)
  • Samarbeid med einingane ved å forsyne dei med forbruksvarer etter bestilling.
  • Samarbeid med heimetenesta og friviljuge rundt levering av middag til heimebuande.
  • Trer inn for avdelingsleiar kjøkken ved fråver.

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som institusjonskokk. Anna relevant kompetanse kan vurderast.
  • Erfaring med kok/ kjøl produksjon av mat.
  • Erfaring med ulike diettar og samanheng mellom ernæring og helse.
  • Kjennskap til IK mat system, krav og forskrifter.
  • God norskkunnskap, både munnleg og skriftleg.

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner.
  • Ansvarleg og kan arbeide sjølvstendig.
  • Er fleksibel og ser løysingar.
  • Er open for vidare utvikling av metoder og organisering.

Me tilbyr

  • Stillingsstorleik: 94 % med arbeid måndag til fredag.
  • Eit godt arbeidsmiljø, med kjekke kollegaer.
  • Nytt og moderne utstyr og lokaler.
  • Løn etter kvalifikasjoner.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP.
  • Høve for flyttegodtgjerdsel.
  • Ein arbeidsplass som har eit inkluderande arbeidsliv.


Mangfaldserklæring
Tysnes kommune ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår.
Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar
uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det
same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me
ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Helga Nilsen Boland, Einingsleiar Tysnes omsorgssenter, 95 17 68 46

Kristine Trane, Kommunalsjef helse og omsorg, 90 04 15 61

Arbeidssted

Uggdalsdalen

5685 Tysnes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Tysnes kommune



Referansenr.: 4797177715

Stillingsprosent: 94%

Fast

Søknadsfrist: 21.07.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Uggdalsdalen, 5685 Uggdal
Stillingsfunksjon
Mat og servering, Mat og servering / Kokk, Mat og servering / Kjøkken- og kantinemedarbeider
FINN-kode
358148429
Sist endret
21. juni 2024 10:49