Vi søkjer sjukepleiar!
- Arbeidsgiver
- Avdeling for rehabilitering, Helse Fonna HF
- Stillingstittel
- Sjukepleiar
- Frist
- 04.08.2024
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Har du lyst på ein spennande jobb der du får hjelpe pasientar med å gjenvinne funksjon og meistre eige liv og kvardag? Då kan dette vere jobben for deg!
Rehabiliteringsposten ved Stord sjukehus, Avdeling for rehabilitering, har ledig eit års vikarit for sjukepleiar.
Avdeling for rehabilitering gir spesialiserte rehabiliteringstenester til innbyggjarane i dei 17 kommunane som høyrer til Helse Fonna Helseføretak. Rehabiliteringsposten tilbyr utreiing og behandling til pasientar med ulike samansette funksjonsnedsettingar etter sjukdom/ skade. Hovudtyngda er akutt hjerneslag og annan nevrorehabilitering. Sjukepleiaren jobbar i eit tverrfagleg team med ergoterapeut, fysioterapeut, legespesialist i fysikalsk medisin og rehabilitering, logoped, nevropsykolog og sosionom.
Sjukepleiarstillinga har todelt vaktplan med dag- og aftenvakter og arbeid kvar tredje helg.
Stord kan by på koseleg småbyatmosfære, rikt idretts- og kulturliv og flott natur tett på sjø og fjell. Det er kort reiseveg til større byar som Bergen, Haugesund og Stavanger.
Rehabiliteringsposten er kjent for vårt gode arbeidsmiljø, og vi tar godt imot nye medarbeidarar. Velkommen til å søke på stilling hos oss!
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleiefagleg oppfølging av rehabiliteringspasientane
- Fokus på trening i primær ADL, styrke pasienten si eiga meistring og deltaking
- Samarbeid i tverrfagleg team
- Sjukepleiar er koordinator i tverrfagleg team rundt enkeltpasientar (jamfør Forskrift om habilitering og rehabilitering, individuell plan og koordinator § 22)
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
- Fordel med vidarutdanning i nevrosjukepleie eller rehabiliteringssjukepleie.
- Fordel med erfaring innan rehabilitering, og/ eller arbeid med hjerneslagpasientar
- Fordel med sjukehuserfaring/ erfaring frå spesialisthelsetenesta
- Kommunikasjon er viktig i rehabilitering. Søkjar må kunne norsk språk godt, både munnleg og skriftleg. For søkjarar med anna morsmål, må ein ha bestått norsk språktest på B2 nivå.
- Å vere personleg eigna for stillinga vil bli vektlagt
Personlege eigenskapar
Hos oss er det viktig at du:
- er motivert og har interesse for fagfeltet
- ønsker å vidareutvikle kompetansen din
- har gode kommunikasjons- og relasjonsferdigheiter
- er både sølvstendig og arbeider godt i tverrfagleg team
- har god klinisk vurderingsevne
- bidrar til eit positivt og godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Løn i samsvar gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein spennande jobb
- Arbeid i lag med dyktige medarbeidarar
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Marianne Hollund Espeland, Avdelingsleiar, +47 952 34 329, marianne.hollund.espeland@helse-fonna.noCamilla Polden Aadland, Funksjonsleiar, +47 53 49 10 15, camilla.polden.aadland@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Tysevegen 645416 STORD
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4831777347
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 19.08.2024
Sluttdato: 17.08.2025
Søknadsfrist: 04.08.2024
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Tysevegen 64, 5416 Stord
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier, Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
- FINN-kode
- 358148760
- Sist endret
- 21. juni 2024 11:37