2. gongs utlysing - Helsefagarbeidar 2 x 100% fast stilling - Rosendalstunet

Arbeidsgiver
Kvinnherad kommune Rosendalstunet
Frist
31.08.2024

Beskrivelse

Vi søkjer Helsefagarbeidar i 2 x 100 % fast stilling.

Er du ein helsefagarbeidar med hjarte for eldreomsorg og har lyst til å bli ein del av vår flotte gjeng med kompetente fagfolk? Vi søker deg som brenn for profesjonell og verdig eldreomsorg, og som har ei særskild interesse for geriatrisk sjukepleie. Rosendalstunet er lokalisert i Rosendal i vakre Kvinnherad ved Hardangerfjorden, og er ein institusjon for eldre og menneske som treng pleie, omsorg og rehabilitering. Institusjonen har 6 avdelingar - 60 plasser fordelt på langtid, demens og korttid/rehabilitering. Vi kan tilby eit godt fagmiljø innan demensomsorg, i somatisk avdeling og rehabilitering/palliasjon. Vi har godt tverrfagleg samarbeid med stort fokus på rehabilitering og trening i våre flotte treningslokale.

Stillinga er i turnus med arbeid kvar 3. helg, eller anna turnus med langvakter. Det vert arbeid med moglegheiter for langvakter i vekedagane.

Er du søkjar som ikkje arbeider i kommunen i frå før? Då kan vi tilby eit rekrutteringstillegg på kr. 50.000,- ved oppstart med bindingstid på 1 år.

Velferdsteknologi er ein del av vår kvardag, og vi held på med prosjekt "kamerabasert tilsyn".

Arbeidsoppgåver:

  • Utøva oppgåver i tråd med lovverk, rutinar og kvalitetskrav
  • Heilheitleg omsorg og pleie
  • Samarbeid med pasient, pårørande, avdelingsleiar og særs tett samarbeid med kollegaer på avdeling
  • Dokumentasjon av tenestane vi yt
  • Rettleie kollegaer, studentar og skuleelevar

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
  • Norskkunnskap, skriftleg og munnleg

Personlege eigenskaper

  • Du må vera fleksibel og løysingsorientert.
  • Ha gode evner til kommunikasjon
  • Kunne arbeida sjølvstendig og samarbeida med andre

Ved tilsetjing vert det lagt vekt på tidlegare arbeidserfaring og personlege eigenskapar.

Vi tilbyr

  • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
  • Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
  • Dekking av flytteutgifter etter nærare reglar
  • Gratis SFO og reduserte barnehageprisar
  • Inga eigedomsskatt

Meir informasjon om den flotte regionen vår finn du her: Sunnhordlandslivet (buisunnhordland.no)

Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova §

10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.


Link til søknadsskjema: Søk her
Antall stillinger
2
Sted
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
FINN-kode
358167538
Sist endret
04. juli 2024 06:33