Inaktiv

Psykologspesialist

Arbeidsgiver
Førde BUP, Helse Førde
Stillingstittel
Psykologspesialist
Frist
28.07.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Førde BUP har ledig 100% fast stilling som psykologspesialist. Oppstart eter avtale

Førde BUP er ein av poliklinikkane i PBU (psykisk helsevern for barn og unge). Førde BUP dekker ei barnebefolkning på om lag 12 200 fordelt på 8 kommunar.

Vi har spesialistar i alle profesjonar og dei fleste fagstillingar, mange med lang fartstid og erfaring innan feltet. Vi held eit godt fagleg nivå og har oppdatert kunnskap og behandlingskompetanse.

Poliklinikken er lokalisert i Dagabygget, og er ein del av eit stort fagmiljø innan psykisk helsevern.



Arbeidsoppgåver

  • Utgreie, diagnostisere og behandle psykiske lidingar hos barn og unge
  • Samarbeide med førstelina og andre i spesialisthelsetenesta om eit heilskapleg helsetilbod
  • Deltaking i interne og eksterne møter, undervising, fagutvikling, rettleiing og anna organisatorisk arbeid

Kvalifikasjonar

  • Psykologspesialist/psykolog med norsk autorisasjon i klinisk psykologi
  • God fagleg vurderingsevne
  • God norsk skriftleg og munnleg framstillngsevne
  • Erfaring med arbeid i barne- og ungdomspsykiatri vert vektlagt, samt erfaring med familiearbeid

Personlege eigenskapar

  • Gode evner til å møte barn, unge og foreldre slik at dei opplever seg sett og forstått
  • Gode evner til å samarbeide med andre fagpersonar på ein likeverdig og respektfull måte
  • Fagleg interesse og tydeleg engasjement, med ønske om å vere med og utvikle behandlingstilbodet vidare
  • Gode evner til å arbeide strukturert og målretta, og har høg arbeidskapasitet
  • Trivast i eit aktivt miljø og tverrfagleg team

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit godt og ivaretakande arbeidsmiljø
  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Det vert lagt til rette for spesialiseringsløp

Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Hildegunn Knapstad Fauske, Seksjonsleiar, (+47) 578 39 207

Arbeidsstad

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde



Referansenr.: 4828416400

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 28.07.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Psykolog, Helsepersonell
FINN-kode
358171054
Sist endret
24. juni 2024 06:08