Helgestillingar - Haugen Bufellesskap

Arbeidsgiver
Tysnes kommune
Stillingstittel
Helgestillingar ved Haugen Bufellesskap
Frist
11.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Er du ein person som ser muligheter, har godt humør og ønskjer ein meiningsfull jobb med menneske?

Bli ein del av vårt positive team ved Haugen bufellesskap! Her
får du bidra til at dei som bur her får ein meiningsfull og innhaldsrik
kvardag,
samstundes som du får utfordre og utvikle din faglege og personlege
kompetanse.

Kva gjer me?

Haugen er eit døgnbemanna bufellesskap for mennesker med utviklingshemming.

Essensen i jobben me gjer, er å gjere liva til dei som bur her så gode som
mogleg, både i kvardag og til fest. Her er det ingen dagar som er like.
Me yte den bistand dei treng for å kunne gjennomføre daglege gjeremål,
gå på jobb, og delta på fritidsaktivitetar.

Me jobbar tett på dei me er her for, og me får utfordra fagkompetansen dagleg. Me havner i dilemma og utfordringar der me må omsynta både lovgiving,
dei som bur sine liv og korleis me ønskjer å ha det på jobb. Slike
etiske refleksjonar er ein viktig del av jobben vår, og noko me ser
verdien av å setja endå meir i system. I dette er me oppteken av at alle
skal bli høyrd. Alle har med seg kompetanse og erfaring, og samen yt me dei beste tenestene.

Kven er me?

Me har ei gruppe dyktige tilsette med ulik fagbakgrunn, og mange med lang
erfaring med faget. Her får du kollegaer i alle aldre, frå 20 til 60 år.
Me snakkar mykje fag, men me er også oppteken av å ha det kjekt i
lag. Me har ulike interesser, nokon av oss liker å gå fjellturar, og
mange av oss er veldig glade i dyr.

Kvifor skal du søkje?

Som medarbeidar hos oss vil du bidra til at dei som bur her får ein
meiningsfull og innhaldsrik kvardag i tråd med lovverk, fagleg kjente
metodar og etiske retningsliner.

Er du glad i mennesker, positiv, engasjert og villig til å gi av deg sjølv? Ønskjer du å bruke din
fagkompetansen og utvikle deg i lag med oss? Då er dette ein jobb for
deg!

No søkjer me etter ein nye kollegar til faste helgestillingar

Me har følgande stillignar ledig:

  • 13% stilling med arbeid kvar tredje helg, dag/kveld.
  • 25% stilling med arbeid kvar tredje helg, dag/kveld, inkl fredag.

Studentavlønning og bonusstipend

Er du student eller går du helsefag på vgs, les om vår stipendavtale, studentlønn og bonusstipend.



Kva går stillinga ut på?

  • Utføre tiltak og prosedyrar med fokus på målretta miljøarbeid.
  • Yte brukerane den bistand dei treng for å gjennomføre daglege gjeremål, gå på dagsenter/jobb og ta del i fritids aktiviteter.
  • Leggje til rette for brukarmedverknad og sjølvbestemmelse med fokus på brukar si eiga mestring og utvikling.
  • Legemiddelhandtering/multidose etter gjevne retningslinjer.
  • Delta på fagmøter og andre kompetanseaukande tiltak.
  • Journalføring og arbeid opp mot gjeldande lovverk.

Kva kompetanse er viktig i rolla?

  • Fortrinnsvis autorisasjon som helsefagarbeider, men me oppfordrar studentar til å søke.
  • Personar utan formell kompetanse vert vurdert opp mot personlege eigenskapar og erfaring.
  • Gode kommunikasjonsevner og samhandlingsferdigheiter.
  • Erfaring og interesse frå arbeid med brukargruppa er eit føremon.
  • Du ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø.
  • Den som vert tilsett må leggja fram politiattest, etter lov om helsepersonell §20a.
  • Grunnleggjande datakunnskap.
  • Førarkort for bil klasse B er eit føremon.

Kva ser me etter hos deg?

  • Du er fleksibel og evnar å jobbe målretta og strukturert.
  • Personlege eigenskapar som sjølvstende, løysingsorientert, stå på vilje, ansvarleg og lojal vert vektlagt.

Kvifor skal du jobba hos oss?

  • Stillingsstorleik: 13% fast.
  • Eit tverrfagleg miljø i bufellesskapet, med engasjerte kollegaer.
  • Godt arbeidsmiljø.
  • Løn etter regulativ.
  • Studetavlønning og bonusstipend for deg som er student.
  • God pensjonsordningar gjennom KLP.
  • Ein arbeidsplass som har eit inkluderande arbeidsliv.

Mangfaldserklæring
Tysnes kommune ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Cecilie Bjørnevik, Avd. leiar Haugen bufellesskap og dagsenter, 90 24 80 52

Margrete Klemmetsby, Einingsleiar open omsorg, 95 70 95 13

Arbeidssted

Uggdalsvegen 295

Tysnes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Tysnes kommune



Referansenr.: 4827074436

Stillingsprosent: 13, 25%

Fast

Søknadsfrist: 11.08.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Uggdalsvegen 295, 5685 Uggdal
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
FINN-kode
358174533
Sist endret
24. juni 2024 06:21