Assisterande rektor

Arbeidsgiver
LAN - LANGHAUGEN VGS, Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Assisterande rektor
Frist
07.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Opplæringsavdeling i Vestland fylkeskommune gir vidaregåande opplæring til alle. Målet er å førebu til yrkesliv og høgare utdanning. Vi gir òg opplæring til alle med særskilte behov. Gjennom vidaregående skular, fagskular, lærlingsordning og vaksenopplæring gir vi Vestland viktig kompetanse. Langhaugen videregående skole har ca. 630 elevar og omlag 80 tilsette i utdanningsprogramma for studiespesialisering, og musikk, dans og drama. Skulen har som mål å vera ein føregangsskule på berekraft, kultur og kreativitet, og ønskjer å skape eit vekstmiljø for fagleg kunnskap og utøvande kunst. Etter skuleåret 2026-27 vil skulen gradvis utvide elevtalet til ca. 720 med ein ekstra parallell på musikk på kvart trinn.

Frå 1.10.2024 har skulen ledig stilling som:

Assisterande rektor

Assisterande rektor er nestleiar på skulen. Stillinga vil i første rekkje innebere skuleadministrative oppgåver på overordna nivå, t.d. fagleg-pedagogisk utviklingsarbeid, fag- og timefordeling, timeplanarbeid og eksamensadministrasjon. I tillegg vil stillinga også ha fag- og personalansvar på avdelingsnivå.



Arbeidsoppgåver

  • Aktiv deltaking i skulen sitt leiarteam
  • Skuleadministrative oppgåver
  • Fag- og personalansvar
  • Aktivt bidra i skulen sitt utviklingsarbeid
  • Bistå rektor i samband med pågåande byggjeprosjekt
  • Det kan bli lagt undervisning til stillinga

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning
  • Leiarkompetanse som er relevant for stillinga
  • Kjennskap til fagleg-pedagogisk arbeid
  • Undervisningskompetanse med erfaring frå vidaregåande skule
  • God digital kompetanse
  • Det er ein fordel å ha kjennskap til skuleadministrative system

Personlege eigenskapar

  • Kunne arbeide sjølvstendig og samtidig i nært samarbeid med andre
  • Ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, med evne til å motivere, rettleie og leie
  • Kunne arbeide over tid med fornyings- og forbetringsarbeid
  • Vere strukturert, ansvarsbevisst og serviceinnstilt
  • Vere løysings- og resultatorientert og med god gjennomføringsevne
  • Kunne arbeide under press i ein travel arbeidskvardag

Vi tilbyr

  • Triveleg arbeidsmiljø og godt arbeidsfelleskap
  • Utfordrande og spanande arbeidsoppgåver i ein skule med mangfald og i utvikling
  • Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Andre opplysningar

  • Den som skal tilsetjast i vidaregående skule, må leggje fram politiattest.
  • Alle nytilsetningar i Vestland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
  • Administrasjonsmålet i Vestland fylkeskommune er nynorsk.
  • For spørsmål om stillinga, ta kontakt med rektor Tore Tveit eller assisterande rektor Berit Tesaker.

Kontaktinformasjon

Tore Tveit, rektor , 40483613, tore.tveit@vlfk.no

Berit Tesaker, assisterende rektor, 45615661, berit.tesaker@vlfk.no

Arbeidsstad

Hagerups vei 17

5093 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune



Referansenr.: 4831420523

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 07.08.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Hagerups vei 17, 5093 Bergen
Stillingsfunksjon
Ledelse, Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
358175862
Sist endret
24. juni 2024 06:21