Miljøterapeut Haugen Bufellesskap

Arbeidsgiver
Tysnes kommune
Stillingstittel
Miljøterapeut eller miljøarbeidar ved Haugen Bufellesskap
Frist
11.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Er du ein person som ser muligheter, har godt humør og ønskjer ein meiningsfull jobb med menneske?

Bli ein del av vårt positive team ved Haugen bufellesskap og dagsenter! Her får du bidra til at dei som bur her får ein meiningsfull og innhaldsrik kvardag,
samstundes som du får utfordre og utvikle din faglege og personlege
kompetanse.

Kva gjer me?

Haugen er eit døgnbemanna bufellesskap for mennesker med utviklingshemming.

Essensen i jobben me gjer, er å gjere liva til dei som bur her så gode som mogleg, både i kvardag og til fest. Her er det ingen dagar som er like. Me yte den bistand dei treng for å kunne gjennomføre daglege gjeremål, gå på jobb, og delta på fritidsaktivitetar.

Me jobbar tett på dei me er her for, og me får utfordra fagkompetansen dagleg. Me havner i dilemma og utfordringar der me må omsynta både lovgiving,
til dei som bur sine liv og til korleis me ønskjer å ha det på jobb. Slike etiske refleksjonar er ein viktig del av jobben vår, og noko me ser verdien av å setja endå meir i system. I dette er me oppteken av at alle skal bli høyrd. Alle har med seg kompetanse og erfaring, og samen yt me dei beste tenestene.

Kven er me?

Me har ei gruppe dyktige tilsette med ulik fagbakgrunn, og mange med lang erfaring med faget. Her får du kollegaer i alle aldre, frå 20 til 60 år. Me snakkar mykje fag, men me er også oppteken av å ha det kjekt i lag. Me har ulike interesser, nokon av oss liker å gå fjellturar, og mange av oss er veldig glade i dyr,

Kvifor skal du søkje?

Som medarbeidar hos oss vil du bidra til at dei som bur her får ein meiningsfull og innhaldsrik kvardag i tråd med lovverk, fagleg kjente
metodar og etiske retningsliner.

Er du glad i mennesker, positiv, engasjert og villig til å gi av deg sjølv? Ønskjer du å bruke fagkompetansen din og utvikle deg i lag med oss? Då er dette ein jobb for deg!

No søkjer me etter ein ny kollega til fast stilling som miljøterapeut/miljøarbeidar.

Stillinga går i to-delt turnus med helg.

Det er gjort avtale med fagforeningane om langvakter kvar 4. helg, og denne stillinga er tenkt å gå i slik ordning. Avlate om langvakter vært laga for eit år om gangen - dersom avtalen ikkje vert forlenga vil stillinga innebære arbeid kvar tredje helg.

Dersom intern sjøkjar blir tilsett kan andre stillingar bli ledig.



Kva går stillinga ut på?

  • Planlegge og utføre tiltak og prosedyrar med fokus på målretta miljøarbeid.
  • Yte brukerane den bistand dei treng for å gjennomføre daglege gjeremål, gå på dagsenter/jobb og ta del i fritids aktiviteter.
  • Leggje til rette for brukarmedverknad og sjølvbestemmelse med fokus på brukar si eiga mestring og utvikling.
  • Legemiddelhandtering/multidose etter gjevne retningslinjer.
  • Delta på fagmøter og andre kompetanseaukande tiltak.
  • Samarbeid med pårørande, verge og andre faggrupper.
  • Journalføring og arbeid opp mot gjeldande lovverk.

Kva kompetanse er viktig i rolla?

  • Fortrinnsvis 3-åring helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning.
  • Miljøarbeidar og personar utan formell kompetanse vert vurdert for tilsetjing for eit år.
  • Gode kommunikasjonsevner og samhandlingsferdigheiter.
  • Erfaring og interesse frå arbeid med brukargruppa er eit føremon.
  • Du ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø.
  • Den som vert tilsett må leggja fram politiattest, etter lov om helsepersonell §20a.
  • Grunnleggjande datakunnskap.
  • Førarkort for bil klasse B er eit føremon.

Kva ser me etter hos deg?

  • Du er fleksibel og evnar å jobbe målretta og strukturert.
  • Personlege eigenskapar som sjølvstende, løysingsorientert, stå på vilje, ansvarleg og lojal vert vektlagt.

Kvifor skal du jobba hos oss?

  • Stillingsstorleik: 85 % fast.
  • Eit tverrfagleg miljø i bufellesskapet, med engasjerte kollegaer.
  • Godt arbeidsmiljø.
  • Løn etter regulativ.
  • God pensjonsordningar gjennom KLP.
  • Ein arbeidsplass som har eit inkluderande arbeidsliv.

Mangfaldserklæring
Tysnes kommune ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Cecilie Bjørnevik, Avdelingsleiar Haugen bufellesskap og dagsenter, 90 24 80 52, cecilie.bjornevik@tysnes.kommune.no

Margrete Klemmetsby, Einingsleiar open omsorg, 95 70 95 13

Arbeidssted

Uggdalsvegen 295

Tysnes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Tysnes kommune



Referansenr.: 4826592661

Stillingsprosent: 85%

Fast

Søknadsfrist: 11.08.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Uggdalsvegen 295, 5685 Uggdal
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell, Sykepleier
FINN-kode
358184375
Sist endret
24. juni 2024 06:30