Ambulansearbeidar og AMK-operatør

Arbeidsgiver
AMK, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Ambulansearbeidar og AMK-operatør
Frist
22.07.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Klinikk for prehospitale tenester i Helse Møre og Romsdal HF organiserar den prehospitale aktiviteten i fylket. Bil -, båt- og luftambulansane, akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK/113), samt pasientreiser.

Vi søkjer no etter ambulansearbeidar/ paramedisiner med dei rette kvalifikasjonane til å arbeide i ei 100% fast kombinert stilling mellom ambulansetenesta og AMK.
Stillinga er hhv p.t delt i 50% fast stilling ved AMK og 50% fast stilling ved Ambulanse Seksjon Sula/Sykkylven/Stranda/Geiranger, der helgevakter arbeides ved AMK.
Intern omrokkering kan gje andre ledige stillingar.

Du er velkomen som søkjar til ein meningsfylt arbeidsdag!

Sjekk ut instagram amk_more_og_romsdal
Sjå her for meir informasjon om prehospitale tenester!

Ålesund sjukehus ligg omkransa av vakre fjell og fjordar med eit rikt naturlandskap. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge og er med sin vakre Jugendstilarkitektur viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Les meir om Ålesund og omland her.



Arbeidsoppgåver

AMK Møre og Romsdal:

  • Prioritering av henvendelsar
  • Medisinsk rettleiing og råd til innringarar
  • Koordinering av ambulansebilar, båtar, helikopter og fly innanfor helseforetakets ansvarsområde
  • Varsling av samarbeidspartnere i den akuttmedisinske kjeden. Tilrettelegge for kommunikasjon og samhandling mellom primær og spesialisthelsetjenesten forskjellige pasientforløp
  • Støtte helsetenesta i tilrettelegging for gode pasientforløp
  • Vere med å utvikle nødmeldetenesta i takt med samfunnet og helsetenesta sitt behov
  • Organisasjonsutvikling i Prehospitale tenester kan tilføre andre arbeidsoppgåver under tilsettingsforholdet

Ambulanse:

  • Samhandle med interne og eksterne aktørar i den akuttmedisinske kjeden etter oppdrag frå AMK
  • Samarbeide i ambulanseteamet og med øvrige samarbeidspartnere
  • Delta på undervisning og sertifiseringar
  • Vedlikehald av faglege delegeringar som ligg til stillinga
  • Interne arbeidsoppgåver på bil og stasjon
  • Utøve sitt arbeid i tråd med lover, forskrifter, prosedyrer og internt reglement som er gjeldande for
    Helseforetaket

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som Ambulansearbeidar/ Paramedisiner
  • Inneha farmakologistudie tilsvarande 5 stp. på høgskulenivå
  • Bestått utrykningskurs og innehar kompetansebevis for kode 160
  • Gyldig Politiattest etter lov om helsepersonell §20a før tilsetting
  • Vere psykisk og fysisk egna for stillinga
  • Kandidaten må bestå fysisk test før tilsetting
  • Førerkort klasse C1
  • Delta og bestå sertifisering trinn 2 etter program i kompetanseplanen for ambulansetjenesten i Midt-Norge
  • Bestått AMLS/PHTLS etter program i kompetanseplanen for ambulansetjenesten i Midt-Norge
  • Vere villig til å videreutdanne seg til paramedic 60 stp etter ei evt. tilsetting

Personlege eigenskapar

  • Du er serviceinnstilt og løysingsorientert, og kommuniserer tydelig og respektfullt med pasienter og kollegaer
  • Du er teamorientert, og setter teamets suksess øvst
  • Du er uredd for å arbeide sjølvstendig
  • Du meistrar stressande og hektiske arbeidsdagar
  • Du handterar samansatt informasjon, liker å søkje løysingar i komplekse problemstillingar
  • Du har evne til å utføre fleire oppgåver samtidig
  • Du har gode fremstillingsevner i norsk både skriftleg og munnleg
  • Du er fagleg engasjert, ansvarsbevisst, har pågangsmot, likar utfordringar og tar tak i daglige gjeremål
  • Du har gode samarbeidsevner og bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Du er motivert for endring, utvikling og innovasjon
  • Arbeid i AMK er forbunde med særleg risiko for å komme i situasjonar der konsekvensane av sine handlingar er stor for tredjepart eller samfunnet som heilskap. Det stillast derfor særlige krav til aktsemd, oppmerksemd, evne til refleksjon og læring.

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden.

Kontaktinformasjon

Tore Paulsen, Seksjonleiar, +47 90085217, Tore.Paulsen@helse-mr.no

Geir Bjørnar Simonsen, konst. Seksjonsleiar, 99 35 87 91, Geir.Bjornar.Simonsen@helse-mr.no

Arbeidsstad

Åsehaugen 5

6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF



Referansenr.: 4831485532

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 22.07.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier, Annet
FINN-kode
358187044
Sist endret
24. juni 2024 06:33