Optikar, Molde sykehus

Arbeidsgiver
Auge Molde, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Optikar
Frist
18.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Augepoliklinikken ved Molde sjukehus treng fleire optikarar!

Vi utvidar, og opprettar derfor ei heilt ny stilling 100% fast stilling med svært gunstig arbeidstid. (8-16, kvardagar)

Vi tilbyr eit godt faglig arbeidsmiljø, kor du som optikar får delta på undervisning saman med legar, ortoptist og optikar, tre dagar i veka. Vi har også to fagdagar i løpet av året med fagleg påfyll kor heile seksjonen deltek.

Under pasientbehandling har ein også tett tverrfagleg samarbeid med både legar og sjukepleiarar, eventuelt med optikar og ortoptist også ut frå problemstilling.
Seksjonen har ein godt utstyrt utstyrspark med blant annet Optomap, Clarus 700 fra Zeiss, Oct fra Canon, Humphrey perimetri fra Zeiss og Anterion fra Heidelberg.
Som optikar hos oss får du stor moglegheit for å vere med å påverke eigen arbeidskvardag ut frå erfaring og interesse.

Vi ønskjer og treng å bli fleire for å lukkast med store og spennande satsingar i åra som kjem!

Om oss:
Seksjonen består i dag av 5 spesialistar i augefaget, 5 legar i spesialisering, ein otroptist, ein optiker, ein oftalmologteknikar og 8 augesjukepleiarar/sjukepleiarar.
Augepoliklinikken SNR har behandlingstilbod innan augesjukdommar til pasientar i Romsdal og på Nordmøre og dekker med det eit folketal på omkring 120 000.

Hoveddrifta held til i Molde sjukehus, som seinere flyttast til det splitter nye akuttsykehuset på Hjelset, våren 2025.
Størstedelen av den daglege aktiviteten vår er ved poliklinikken.
Katarakt, glaukom og strabisme operasjon skjer i operasjonssal som er integrert i operasjonsavdelinga ved sjukehuset, andre kirurgiske inngrep utførast på ei skiftestove ved poliklinikken.

Høyrast dette ut som noko for deg? Har du godt humør, gode samarbeidsevner, er initiativrik, strukturert og målbevisst? Ja, då er nettopp du den vi søkjer.

Søkjere vil vurderast forløpende.



Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing, undersøkingar og behandling av pasientar
  • Rettleiing og undervisning

Andre arbeidsoppgåver etter avtale med leiar, og vert basert på kandidaten si erfaring og seksjonen sitt behov.

    Kvalifikasjonar

    • Autorisert optikar
    • Flytande norsk, munnleg og skriftleg
    • Beherske IKT-verktøy
    • Opptatt av kompetanseheving og fagleg utvikling

    Personlege eigenskapar

    • Gode samarbeidsevner og personlig eignaheit vert vektlagt
    • Kommunisere tydelig overfor pasientar og kollegaer
    • Evne til å bidra til eit positivt fagleg og kollegialt godt miljø
    • Motivasjon og engasjement innan fagfeltet
    • Vere fleksibel og løysingsorientert
    • Vere punktleg og påliteleg

    Vi tilbyr

    • Dagtidsarbeid
    • Sterkt tverrfagleg samarbeid
    • Ein inkluderande arbeidsplass
    • Eit godt og trivelig arbeidsmiljø i stadig utvikling
    • Løn etter gjeldande overeinskomstar
    • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

    Kontaktinformasjon

    Marina Elnes, Seksjonsleiar, marina.elnes@helse-mr.no

    Arbeidsstad

    Parkveien 84

    6412 MOLDE

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF



    Referansenr.: 4824798760

    Stillingsprosent: 100%

    Fast

    Søknadsfrist: 18.08.2024


    Sektor
    Offentlig
    Sted
    Parkveien 84, 6412 Molde
    Stillingsfunksjon
    Helsepersonell, Helsepersonell / Optiker, Annet
    FINN-kode
    358539410
    Sist endret
    24. juni 2024 08:45