Vikariat som driftseiningsleiar FUF

Arbeidsgiver
FUF-Felles enhet for utlending og forvaltning, Vest politidistrikt
Stillingstittel
Driftseiningsleiar - Felles eining for utlending og forvaltning
Frist
21.07.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

I Vest politidistrikt ved Felles eining for utlending og forvaltning er det ledig eit vikariat som politiinspektør SKO 0290 med funksjon som driftseiningsleiar.

Vi søkjer ein samfunnsengasjert og resultatorientert leiar med kompetanse innan fagområda som høyrer til forvaltningsgjeremål. Som leiar av driftseininga har du overordna fag- og koordineringsansvar for oppgåver innan forvaltning, inkludert utlending, grenseforvaltning, pass, våpen og førerkort. Stillinga inngår i politimeisteren si leiargruppe.

Vi søkjer deg som blir motivert av sjansen til å utvikle norsk politi vidare til eit kompetent og effektivt politi. Arbeidet skal vere i takt med samfunnsutviklinga med bruk av moderne verktøy og arbeidsmetodar. Som leiar i politiet skal du nå resultat på alle område, i dagleg drift og ved kriser.

Felles eining for utlending og forvaltning består av fire seksjoner, utlendingseksjonen, forvaltningsseksjonen, grenseseksjonen og utlendingskontrollseksjonen.



Arbeidsoppgåver

  • Overordna fag- og koordineringsansvar for politidistriktet sine oppgåver innan forvaltning, inkludert utlending og grenseforvaltning
  • Ta hand om fagmyndigheitsrolla; metode, kvalitet, rettleeing, fagutvikling og tilsyn innan ansvarsområdet
  • Leggje til rette for kunnskapsbasert erfaringslæring og syte for systematiske forbetringar innan fagfeltet
  • Bidra til at fagområdet inngår i politiet sitt strategiske arbeid og verksemdsplanlegging
  • Ha HMS,- budsjett-, resultat- og personalansvar for driftseininga, inkludert ansvar for effektiv ressursutnytting, måloppnåing og høg kvalitet i tenesteproduksjonen
  • Ansvar for god ivaretaking av administrative oppgåver
  • Vere ein pådrivar og støttespelar for utviklinga av eit godt medarbeidarskap og ønska kultur
  • Andre oppgåver pålagt av overordna

Kvalifikasjonar

  • Master i rettsvitskap, vitnemål fra politiskule/politihøgskule eller annen relevant utdanning på minimum bachelornivå
  • Utdanning innan organisasjon og leiing helst frå universitet eller høgskule
  • Minimum 3 års relevant leiarerfaring
  • God kunnskap om offentleg forvaltning
  • Kunnskap om personal- og økonomistyring, og statleg avtaleverk
  • Kunne vise til gode resultat i tidlegare stillingar
  • Særs god skriftleg og munnleg framstilling på norsk og engelsk
  • Evne til å ta i bruk digitale løysingar for effektivt å løyse arbeidsoppgåvene
  • Kunnskap og erfaring innan HMS
  • Må kunne klarerast for HEMMELEG jf. sikkerhetsloven
  • Erfaring frå strategisk verksemdsanalyse og implementering av strategiske avgjerder er ein fordel
  • Erfaring frå å leie omstillings-, endrings- og utviklingsprosessar er ein fordel

Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved ev. tilsetting, jf. politilova § 18 og politiregisterlova § 41.

Personlege eigenskapar

  • Vere modig, vise respekt, tenkje heilskapleg og vere tett på
  • Gode evner til å setje retning, drive endring og motivere sine medarbeidarar
  • Evne til handle i eit strategisk og heilskapleg perspektiv, og bidra til god verksemdsutvikling
  • Evne til å jobbe under høgt arbeidspress og vere mål- og resultatorientert med god gjennomføringsevne
  • Gode kommunikasjonsevner og vere ein god relasjonsbyggjar både internt og eksternt
  • Vere etisk bevisst og har etisk integritet med omsyn til løysing av arbeidsoppgåver og ansvar ved eininga

Vi tilbyr

  • Ein utfordrande og spanande arbeidsplass for deg som vil vere med å forme framtida sine polititenester
  • Eit arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
  • Stillinga blir løna som politiinspektør SKO 0290 frå ltr 93/kr 1.196.800,- til ltr 96/kr 1.267.300, - brutto per år.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med blant anna gode pensjons- og forsikringsordningar (sjå https://www.spk.no for meir info)
  • Bedriftshelseteneste

Generelt
Politiet meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Me treng medarbeidarar med ulike kompetansar, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Dersom det er mogleg vil me leggja til rette for medarbeidarar som har behov for det.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal me kalla minst inn éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seia positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylla visse krav.

For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber me deg om å registrera utfyllande CV i rekrutteringsportalen vår og lasta opp relevante attestar og vitnemål. Dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar me deg til å kryssa av for dette i rekrutteringsportalen vår. Avkryssingane dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.

Du kan lesa meir på arbeidsgivarportalen.

Opplysningar om deg kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.

Kontaktinformasjon

Kaare Songstad, Politimeister, 979 58 606

Spørsmål om elektronisk søknad/CV, Seksjon for HR, 207.hr@politiet.no

Arbeidssted

Allehelgens gate 6

5016 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Vest politidistrikt



Referansenr.: 4817232213

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Søknadsfrist: 21.07.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Allehelgens gate 6, 5016 Bergen
Stillingsfunksjon
Ledelse
FINN-kode
358539478
Sist endret
27. juni 2024 08:26