Einingsleiar ved Giske skule
- Arbeidsgiver
- Giske kommune, Giske oppvekstsenter, skule
- Stillingstittel
- Einingsleiar ved Giske skule
- Frist
- 31.07.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Stillinga som einingsleiar og rektor ved Giske skule er ledig frå hausten 2024 i samband med at rektor byrjar i ny stilling.
Er du klar for ei ny og spennande utfordring? Kan du jobbe målretta og rasjonelt med barn og ungdom? Ser du på elevar, foreldre og tilsette som ein ressurs i lærings- og utviklingsarbeidet? Då kan det hende du er den vi søkjer.
Giskeskulen har ambisjonar om å skape eit inkluderande og samlande oppvekstmiljø, og vi søkjer etter ein strukturert lagbyggjar med hjerte og framtidsretta kompetanse for barn og unge si læring og deira oppvekstvilkår. Grunnleggande prinsipp for Giskeskulen er:
- barnet/ungdommen er i sentrum
- ønska elevrolle er utgangspunkt for lærar- og leiarrollene
- læring er sosial med fokus på samarbeid
- barnet/ungdommen sin motivasjon og emosjonar er vektlagd
- vi anerkjenner forkunnskap og individuelle forskjellar
- barnet/ungdommen blir utfordra utan å verte overbelasta
- vi planlegg for samanheng på tvers av fagområde aktivitet/grupper i og utanfor eininga
Giske skule er lokalisert på Giskeøya og er ein 1-7 skule med rundt 90 elevar og 40 barn i SFO. Visjonen til skulen er "Ein god stad å vekse" med følgande viktige nøkkelord: læring, samarbeid, undring og raus. Skulen har eit dyktig og stabilt kollegium som er vane med å samarbeide til det beste for eleven og fellesskapet.
I tillegg til formell utdanning og praksis vert det lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga.
Den som blir tilsett må legge fram politiattest av ny dato.
Administrasjons-/undervisningsmålet er nynorsk.
Løn etter avtale og kvalifikasjonar – god pensjonsordning i KLP.
Arbeidsoppgåver
- Fagleg, økonomisk og administrativt ansvar i samsvar med tildelte fullmakter, dette inkluderer personalansvar og HMS-ansvar
- Ta del i heilskapleg og strategisk utvikling av oppvekstsektoren i Giske kommune
- Kvalitet- og internkontroll
- Involvere og inkludere elevar, tilsette og foreldre i å utvikle skulen og oppvekstsektoren i tråd med sentrale og lokale styringssignal
- Vidareutvikling av eit profesjonsfellesskap som vektlegg dynamisk tenking, analyttisk tilnærming og kunnskapsbasert praksis
- Ta aktivt del i oppvekstsektoren si leiargruppe og i kommunedirektøren sitt leiarforum
- Tverrfagleg arbeid
- Byggje kapasitet for utvikling og endring i eit inkluderande læringsmiljø
- Systematisk samarbeid med tillitsvalde og verneteneste
Kvalifikasjonar
- Høgare relevant pedagogisk utdanning frå universitet / høgskule
- Rektorutdanning og/eller relevant leiarutdanning er ønskjeleg – om ikkje du har leiarutdanning må du vere innstilt på å tileigne deg det innan få år.
- Erfaring frå undervisning og relevant leiarerfaring
- Kunnskap om økonomistyring og administrativt arbeid
- Kunnskap om relevant lovverk og oppdatert kompetanse på pedagogisk utviklingsarbeid
- God digital kompetanse
- God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Førarkort og kunne disponere eigen bil i tenesta
Personlege eigenskapar
- Evne til å vere ein målretta, motiverande og tydeleg leiar som i lag med leiarteamet sitt legg til rette for at andre skal få realisere potensialet sitt for utvikling og læring
- Lyttande og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner – god relasjonskompetanse
- Evne til å arbeide ryddig og strukturert, ta initiativ og gjennomføre godt
- Evne til å jobbe heilskapleg og prioritere innsats og ressursar
Vi tilbyr
- Elevar som er ein ressurs i læringsarbeidet
- Føresette som engasjerer seg i skulen, støttar og utfordrer
- Tilsette med kapasitet for elevsentrert utvikling og endring
- Tett samarbeid med fagleg engasjerte og kompetente leiarar innan oppvekstområdet, i kommunen sitt tverrfaglege leiarforum og elles i Giske kommune
Giske kommune sine verdiar er:
- Kvalitet - gjennom klar kommunikasjon, kompetanse og læring/utvikling
- Løysingsvilje - gjennom heilskapleg tenking, handlekraft og kreativitet
- Engasjement - gjennom meiningsfylte oppgåver, trivsel og arbeidsglede
- Respekt - gjennom å vere imøtekomande, påliteleg og involverande
Kontaktinformasjon
Åse Elisabeth Skjærseth, kommunalsjef, +47 98431522Arbeidsstad
Skulevegen 676052 GISKE
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Giske kommuneReferansenr.: 4831948307
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.07.2024
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Skulevegen 67, 6052 Giske
- Stillingsfunksjon
- Ledelse, Undervisning og pedagogikk
- FINN-kode
- 358551539
- Sist endret
- 24. juni 2024 12:50