Inaktiv

Kommunalsjef økonomi og verksemdsstyring

Arbeidsgiver
Vestnes kommune Vestnes kommune
Stillingstittel
Er DU Vestnes kommune sin nye økonomisjef?
Frist
21.07.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi søker ein kommunalsjef økonomi som er nytenkande, tillitsfull og god på å skape ein open, trygg og skapande atmosfære.

Du er uredd, analytisk, strategisk og god på økonomiforståing, har gode kommunikasjonsevner, fokus på teamarbeid, god på digitale system og saksbehandling, og har ein motiverande og samlande leiarstil.

I godt samspel med politikarar, leiarar og tillitsvalde skal kommunalsjef økonomi arbeide både for vidareutvikling av kommunen, gjennom gode og effektive tenester til innbyggarane våre.
Ny kommunalsjef økonomi skal vere ein engasjert og inkluderande leiar som blir motivert av å skape resultat og få til gode løysingar.

Vår nye kommunalsjef økonomi må ha god forståing for samspelet mellom politikk, administrasjon og fag. Kunnskap om samfunns- og næringsutvikling, kompetanse frå endringsleiing og kulturbygging, kunnskap om digital utvikling, erfaring frå organisasjonsutvikling og omstilling vil vere sentralt. Det er også viktig at kommunalsjefen evner å tenke kommunen heilskapleg og ikkje berre økonomiperspektivet.

Søkjarar med høgare utdanning innan økonomi og leiing, gjerne innan kommuneøkonomi. Ein må kunne vise til god leiarerfaring med dokumenterte gode leiareigenskapar. Kunnskap om forvaltingsarbeid er også ønskeleg.

Vi ønsker kandidatar som kan syne handlekraft og gjennomføring av politiske vedtak. Du har gode evner til relasjonsbygging og samhandling, med erfaring frå tverrfagleg samarbeid. Som medlem av kommunedirektøren si toppleiargruppe vil du spele ei sentral rolle i skapinga av nye, moderne løysingar i kommunen.

Vi tilbyr spanande og utfordrande oppgåver i ein kommune med dyktige medarbeidarar og godt samspel mellom politikk og administrasjon.

Tilsettingsvilkår
Lønn etter avtale. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar. Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader. Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.

Referanser
Oppgi referansar

Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning. Attestar og vitnemål må takast med til intervju.

Søkjarlista kan bli offentleggjort.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Rådhuset, Brugata 10, 6390 Vestnes
Stillingsfunksjon
Ledelse, Økonomi og regnskap, Økonomi og regnskap / Økonomistyring og budsjettering
FINN-kode
358554700
Sist endret
24. juni 2024 05:29