Miljøterapeut ved barnebustad

Arbeidsgiver
Bu- og miljøtenesta, Stad kommune
Stillingstittel
Miljøterapeut ved barnebustad
Frist
04.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Søkjer du spennande utfordringar og eit godt fagmiljø i eit nytt tiltak, så kan dette vere stillinga for deg!

Stad kommune ved Bu- og miljøtenesta - avdeling barneavlastninga har ledig 100% fast stilling som miljøterapeut frå 05.08.2024. Stillingane er inkludert 20 % frie timar.

Turnus er lagt opp etter komprimerte arbeidsperioder med døgnvakter på 18,33t og langvakter på 14t i samla arbeidsperiodar, og periodar med natt, knytt til eit tiltak med 2:1 bemanning. Ein vil også få kunne arbeide langvakt på 12,50t eller seinvakt på 7t i barneavlastninga, då dette er same avdeling.
Arbeidshelg kvar fjerde helg med langvakter/døgnvakter. Eininga har årsarbeidsplan.

Bu- og miljøtenesta er ei teneste i stadig utvikling. Tenesta har fleire tenestestader med heildøgnsdrift og oppfølging av heimebuande brukarar. Det overordna målet for bu- og miljøtenesta er å bidra til at tenestemottakarane oppnår høgast mogleg grad av mestring og livskvalitet.



Arbeidsoppgåver

  • Vernepleiefaglege og/eller miljøterapeutiske oppgåver, miljøterapi, omsorg og behandling
  • Ansvar for det faglege rundt barn og ungdom.
  • Skape ein god heim
  • Kartlegge og vurdere behov
  • Følge opp og dokumentere tenesteytinga etter kvalitetskrav, lovverk og kommunale retningslinjer
  • Tverrfagleg samarbeid og arbeid i team
  • Følgje opp miljøterapeutiske tiltak
  • Utføre brukarretta pleieoppgåver i tråd med gjeldande kvalitetskrav
  • Oppfølging og dokumentasjon i pasientjournal
  • Tverrfagleg samarbeid

    Kvalifikasjonar

    • Treårig helsefagleg, sosialfagleg eller pedagogisk utdanning på universitets- eller høgskulenivå
    • Helsefagarbeidar og barne og ungdomsarbeidar med relevant erfaring kan også søkje.
    • Anna relevant erfaring frå arbeid med barn og unge kan også søkje.
    • I tillegg er det ønskeleg med relevant vidareutdanning knytt til barn og unge og/eller psykisk helse
    • Gode språkkunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg
    • Personlege egenskapar vil bli vektlagde
    • Aktuelle kandidatar må ha førarkort

      Personlege eigenskapar

      • Gode kommunikasjonsevner
      • Likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
      • Er fleksibel og interessert i forbetringsarbeid
      • Tek initiativ og ansvar
      • Kan arbeide sjølvstendig og saman med andre
      • Personleg eigenskap vil bli vektlagt

      Vi tilbyr

      • Høve til eigenutvikling gjennom rettleiing og kurs
      • Godt tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø
      • Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
      • Gode pensjons- og forsikringsordningar

      Vi ber om at vitnemål, attestar og referansar vert lasta opp saman med søknaden.

      Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga

      Stad kommune har 6 månader prøvetid.

      Vi gjer merksam på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

      Dersom du har spørsmål om stillingane kan du ta kontakt med avdelingsleiar Stine Takle Piel tlf.: 41457801

      Kontaktinformasjon

      Stine Takle Piel, Avdelingsleiar barnebustad, 414 57 801, stine.takle.piel@stad.kommune.no

      Arbeidsstad

      Myroldhaugvegen 43

      6770 Nordfjordeid

      Nøkkelinformasjon:

      Arbeidsgivar: Stad kommune



      Referansenr.: 4829010603

      Stillingsprosent: 100%

      Fast

      Søknadsfrist: 04.08.2024


      Sektor
      Offentlig
      Sted
      Myroldhaugvegen 43, 6770 Nordfjordeid
      Stillingsfunksjon
      Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell
      FINN-kode
      358563904
      Sist endret
      25. juni 2024 05:57