Helgestillingar

Arbeidsgiver
Tysnes kommune
Stillingstittel
Helgestillingar Tysnes omsorgssenter
Frist
18.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Tysnes omsorgssenter ligg i nye, fine lokaler, i eit moderne bygg som stod ferdig i 2017. Me er oppteken av pasientnært arbeid, og Hospital IT er eit av hjelpemidlane som gjev oss meir kvalitetstid med
bebuarane.

Tysnes omsorgssenter består av 30 institusjonsplassar, plassar til korttids- og rehabiliteringsopphald og
dagsenter for personar med demens. Me har óg ein KAD-plass der det
vert gitt tilbod om augeblikkeleg hjelp som alternativ til innlegging
på sjukehus.

Heimetenesta er lokalisert i samme bygg, og me har eit tett samarbeid for å sikre gode tenester og eit heilskapleg
pasientforløp.

Stabil tilsettgruppe og godt samhald

Me har ei stabil og faglig trygg gruppe tilsette med eit godt samhald. Her kan du lese meir om kva me verdsetteri arbeidsmiljøet her hos oss.

No søkjer etter nye kollegaer til arbeid på helg og har følgande stillingar:

  • 12% stilling med arbeid kvar tredje helg
  • 18% stilling med arbeid kvar andre helg

Aktuelle kandidatar vert kontakta fortløpande.

Lurer du på korleis det er hos oss? Her kan du sjå deg rundt i våre lokaler(fungerar best på pc eller på mobil med wi-fi)

For andre stillingar sjå www.tysnes.kommune.no/jobb



Arbeidsoppgåver

  • Stell, pleie og rettleiing.
  • Miljøarbeid og heilskapleg bistand til bebuarane på omsorgssenteret.
  • Tilrettelegging og hjelp i måltid.
  • Legemiddelhandtering/multidose etter gjevne retningsliner, dersom du har autorisasjon.
  • Følgje opp pleieplanar og prosedyrar.

Kvalifikasjonar

  • Fortrinnsvis autorisasjon som helsefagarbeidar.
  • Student innan relevant studieforløp som helsefagarbeidar, vernepleie, sjukepleie.
  • Personar med relevant erfaring kan og søkja.
  • Den som vert tilsett må ha gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
  • Det er ynskjeleg med erfaring frå eller interesse for arbeid med eldre.
  • God grunnleggande datakunnskap.
  • Kjennskap til journalsystemet CosDoc vil vera eit føremon.
  • Den som vert tilsett må leggja fram politiattest etter lov om helsepersonell § 20a.

Personlege eigenskapar

  • Profesjonell tilnærming til arbeidet og evne til å anvende kunnskap i praksis.
  • Engasjert, ansvarsfull og arbeidar målretta med pasientintervensjonar og oppfølging av desse.
  • Tillitsfull, fleksibel, initiativrik og oppteken av å bidra til godt pasientarbeid og arbeidsmiljø.
  • Trivast med utfordringar, er løysingsfokusert og oppteken av godt samarbeid.
  • Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt.

Vi tilbyr

  • Ein utfordrande, kjekt og meiningsfylt arbeidskvardag.
  • Løn etter gjeldande kommunalt regulativ.
  • Gode pensjonsordningar gjennom KLP.
  • Ein arbeidsplass som har eit inkluderande arbeidsliv, IA- verksemd.

Kontaktinformasjon

Helga Nilsen Boland, Einingsleiar Tysnes omsorgssenter, 95 17 68 46

Kristine Trane, Kommunalsjef helse og omsorg, 90 04 15 61

Arbeidssted



Tysnes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Tysnes kommune



Referansenr.: 4832679664

Stillingsprosent: 18, 12%

Fast

Søknadsfrist: 18.08.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
5685 Uggdal
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
FINN-kode
358574130
Sist endret
25. juni 2024 06:04