Inaktiv

Tilkallingsvikar assistent/fagarbeidar/miljørettleiar - Ørstaskulen skuleåret 24/25

Arbeidsgiver
Oppvekst, kultur og inkludering, Ørsta kommune
Stillingstittel
Tilkallingsvikar assistent/fagarbeidar/miljørettleiar - Ørstaskulen skuleåret 24/25
Frist
25.06.2025
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Ørsta kommune har til ei kvar tid trong for assistentar, fagarbeidarar og miljørettleiarar som kan tenkje seg å vere tilkallingsvikar i Ørstaskulen. Denne utlysinga gjeld for skuleåret 2024/2025.



Arbeidsoppgåver

Som tilkallingsvikar må du ha høve til å stille opp på kort varsel og vere budd på å arbeide med elevar på alle trinn i grunnskulen.
Tilkallingsvikarar vert tilsett med arbeidsavtale i kortare eller lengre periode. Mynde til å gjere slik tilsetting er delegert til den einskilde rektor.


Aktuelle skular:
Dalane skule: 41 86 43 20
Hovden skule: 91 42 84 76
Sæbø skule: 47 66 83 79
Vartdal skule: 99 28 69 99
Velle skule: 46 92 65 82
Vikemarka skule: 700 47 700
Ørsta opplæringssenter: 700 45 300
Ørsta ungdomsskule: 95 16 91 71

Kvalifikasjonar

Det vert ikkje stilt krav om særskilt utdanning i arbeid som tilkallingsvikar.
Det vert stilt krav om gyldig politiattest ved tiltreding.

Personlege eigenskapar

Stabilitet og personlege eigenskapar vil verte vektlagde saman med utdanning og praksis. Referansar vert nytta.
Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at søkjarar legg desse dokumenta inn i Webcruiter ved oppretting av brukar der.

Vi tilbyr

Arbeidsavtale i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk.

Om offentlege søkjarliste
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjar unnatakast offentleg
søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om det. Den som ønskjer at namn skal vere
unnateke offentleg søkjarliste, må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert
konkret i høve omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil
oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom
kommunen meinar at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjar verte kontakta og få tilbod om
å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.



Kontaktinformasjon

Pål-Einar Kragset Brekke, Rådgjevar, 47623418, pal-einar.brekke@orsta.kommune.no

Arbeidsstad

Dalevegen 6

6153 Ørsta

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ørsta kommune



Referansenr.: 4832706306

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Søknadsfrist: 25.06.2025


Sektor
Offentlig
Sted
Dalevegen 6, 6153 Ørsta
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Annet, Omsorg og sosialt arbeid
FINN-kode
358579086
Sist endret
25. juni 2024 06:15