Er du lærar eller barnehagelærar og har lyst å jobba eit år i Indre Ryfylke PPT?

Arbeidsgiver
Suldal kommune Indre ryfylke PPT
Stillingstittel
Pedagogisk Psykologisk Rådgjevar
Frist
05.08.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Om stillinga

Frå og med 01.09.24 eller etter avtale til og med 31.07.25 har me ledig opptil 100 % vikariat, med moglegheiter for fast stilling, som pedagogisk psykologisk rådgjevar ved Indre Ryfylke PPT. Stillinga har oppmøtestad i både Suldal og Sauda.

Om oss

Indre Ryfylke PPT er ei interkommunal teneste der Suldal er vertskommune for Sauda. Tenesta har kontor i begge kommunane. PPT har fast nærvær i barnehage og skule for å vera tett på med systemretta samhandling, tidleg innsats og førebyggande arbeid. Me bidreg til kompetanseheving og utvikling i oppvekstsektoren og gir rettleiing til barnehagar og skular på system- og individnivå. Tenesta utarbeider sakkunnig vurdering der lova krev det.

Tenesta arbeider etter strategi for inkluderande fellesskap for barnehage og skule i tråd med Meld St.6 «Tett på- tidleg innsats og inkluderande fellesskap i barnehage, skole og SFO»

Suldal og Sauda er BTI-kommunar som inneber betre samhandling mellom tverrfagleg tenester der PPT er ein del av laget rundt barnet. I tillegg er PPT del av Utdanningsdirektoratet sitt kompetanseløft for spesialpedagogikk og inkluderande praksis. I tenesta vert det stilt høge krav om sjølvstendig arbeid og samhandlingskompetanse både internt i eininga og i praksisfeltet.

Kven søkjer me?

  • Me søkjer ein person som er fleksibel og løysingsorientert, har pågangsmot og er interessert i å medverka i utviklings- og organisasjonsarbeid i barnehage og skule. Du må trivast med varierte arbeidsoppgåver, lika å samarbeida, og vera ein god relasjonsbyggjar.
  • Barnehagelærar eller lærar med master eller vidareutdanning innan spesialpedagogikk. Sterk fagleg kompetanse og lang erfaring kan kompensere for manglande utdanning.

Det er og ønskjeleg med erfaring eller kompetanse innan:

  • Fleirspråklegheit
  • Erfaring frå systemretta endringsarbeid i skule og barnhage
  • Gode kunnskap om spesialpedagogikk i barnehage og skule
  • Rettleiingskompetanse
  • Kjennskap til, og erfaring frå barnehage og skule som organisasjon
  • Ved tilsetting vert det lagt vekt på den samla kompetansesamansettinga hos Indre Ryfylke PPT

Persolege eigenskapar

  • Du er god til å samarbeida men og arbeida sjølvstendig
  • Du er oppteken av å tileigna deg ny kunnskap
  • Du er strukturert og kan jobba systematisk
  • Du likar å arbeida med varierte oppgåver og har ei fleksibel tilnærming
  • Du er ein positiv bidragsytar inn i kollegiet og oppteken av å spela andre gode
  • Du er ein god relasjonsbyggar og motivator
  • Du er god til å skape rom for dialog

Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på

Arbeidsoppgåver

  • Vera tett på barnehagar og skule med systemretta samhandling, tidleg innsats og førebyggande arbeid.
  • Gje rettleiing til skular på system og individnivå
  • Bidra til kompetanseheving og organisasjonsutvikling i skulen.
  • Sakkunnig arbeid der lova krev det
  • Andre oppgåver i tråd med verksemda sine behov

Kva kan me tilby

  • Interessante og varierte arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse.
  • PP-tenesta har tilgang til bestilling av bil og el-sykkel ved behov.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
  • Bedriftshelseteneste
  • Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk

Andre opplysningar

  • Du må ha førarkort klasse B
  • Stillinga vil fortida ha kontor både i Suldal og Sauda kommune
  • Nynorsk som administrasjonsspråk
  • Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltreding. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
  • Me etterspør dokumentasjon på utdanning og attestar frå tidlegare arbeidsforhold ved innkalling til eit eventuelt intervju.
  • Suldal kommune oppfordrar alle våre søkjarar til å søkja på stillinga digitalt.
  • Det kan vera behov for bruk av eigen bil

Suldal kommune gjer merksam på at søkjarlistene kan verta offentleggjorde.

Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Eidsvegen 3, 4230 Sand
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Rådgivning, Annet
FINN-kode
358580634
Sist endret
08. juli 2024 07:23