Vitskapleg assistent ved Institutt for samanliknande politikk

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Vitskapleg assistent ved Institutt for samanliknande politikk
Frist
22.07.2024

Beskrivelse

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?


Vitskapleg assistent

Ved Institutt for Samanliknande Politikk, Universitetet i Bergen, er det ledig ei 20% stilling som vitskapleg assistent for ein periode på 2 år. Samla tilsetjingstid som vitskapleg assistent kan ikkje overstige to år.

Vitskapleg assistent er ei rekrutteringsstilling der hovudoppgåva er å vere ein støttespelar for den vitskaplege staben i deira undervisnings- og forskingsverksemd. Stillinga skal gi høve til innsikt i vitskapleg arbeid og metode.


Arbeidsoppgåver:

Støtte til prosjektteamet i

  • organisatoriske og administrative oppgåver (f.eks. bestilling av reiser, organisering av workshops)
  • datainnsamling (f.eks. organisering av intervjuar med representantar)
  • datahandtering (undersøking av databasar, koding av data)
  • formidling av resultat (f.eks. utarbeiding av policy briefs)

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Kvalifkasjonar

  • Bachelorgrad i samanliknande politikk
  • God språkkunnskap i engelsk og norsk, munnleg og skriftleg
  • God administrativ IT – kompetanse

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide systematisk og resultatorientert
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner

Vi kan tilby:
  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Årsløn som vitskapleg assistent, stillingskode 1019, 428100, - ( lønssteg 38 i statens lønsregulativ) ved tilsetjing. Kandidatar med mastergrad, kode 1020, vil bli løna med årsløn kr. 509300, - (lønssteg 51).
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknad:

Søknad med CV, vitnemål og attestar skal leggjast inn elektronisk i JobbNorge. (via link på denne sida ”søk på jobben”.)

Søknadsfrist: 22.07.2024. Søknaden skal merkast 2024/7918.

Aktuelle søkarar vil bli invitert til intervju.


Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Forskar Jana Belschner, jana.belschner@uib.no.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.


Sektor
Offentlig
Sted
postboks 7802, 5020 Bergen
Stillingsfunksjon
Rådgivning, Saksbehandler, Kontor og administrasjon
FINN-kode
358582091
Sist endret
25. juni 2024 06:14