Har du lyst å jobbe med barn i eit godt arbeidsmiljø?

Arbeidsgiver
Vindafjord kommune Skjold barnehage
Stillingstittel
Barne- og ungdomsarbeidar
Frist
11.07.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Me søker:

Me søkjer etter barne- og ungdomsarbeidar i 100% vikariat i Skjold barnehage, med muligheter for fast ansettelse, frå 14.08.2024 til og med 13.08.25. Andre med relevant utdanning eller erfaring kan også søkje.

Hovudarbeidsoppgåver:

  • Viktig delansvar ved å gi eit godt sosialt, omsorgsfullt og pedagogisk tilbod til barna.
  • Vere ein varm, tydeleg og grensesetjande vaksen
  • Likar å vere ute og vere ein god rollemodell
  • Observasjon/tiltak i forhold til einskildbarn og gruppe.
  • Utføre oppgåver pålagt av ped.leiar eller styrar.
  • Delansvar for å auka kvaliteten på tilbodet.11
  • Halde deg fagleg oppdatert.
  • Vere med å utvikle språket til barna igjennom muntleg deltaking og samspel

Kvalifikasjonar:

  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeider er ynskjeleg.
  • Andre med relevant kompetanse og erfaring kan også søkje, og vil bli vurdert.
  • Personen må vera skikka til å jobbe i ein av våre barnehagar, difor vil det verta lagt vekt på korleis søkjarane er eigna
  • Det krevs godkjent politiattest ved tilsetjing.

Personlege eigenskapar:

  • Me søkjer ein positiv, engasjert, fleksibel og initiativrik person som er villig og positiv til å arbeide opp mot fleire aldersgrupper.
  • Må lika å vere i samtale med barn og kunne bruke språket aktivt saman med barna.
  • Kunna bidra positivt til eit godt arbeidsmiljø og godt samarbeid mellom kolleger.
  • Personlege eigenskaper vert vektlagt.

Me kan tilby:

  • Variert arbeid i eit positivt miljø
  • Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
  • God opplæring og samarbeid med andre
  • Rabatt på treningssenter
  • Bedriftskunstlag
  • Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)

Lønsvilkår:

Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Andre opplysningar:

Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.

Slik søker du:

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Vikanesvegen 18, 5574 Skjold
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Barnehagelærer, Barnehage / Barnehageassistent
FINN-kode
358660373
Sist endret
25. juni 2024 06:22