Inaktiv

Vil du bidra til å skapa eit godt grunnlag for livslang læring?

Arbeidsgiver
Vindafjord kommune Vågen oppvektsenter
Stillingstittel
Barne- og ungdomsarbeidar/assistent
Frist
03.07.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Me søker:

Barne- og ungdomsarbeidar/assistent til Vågen oppvekstsenter, avdeling barnehage. 100% stilling - 60% fast, 40% vikariat.

Hovudarbeidsoppgåver:

  • Viktig delansvar ved å gje eit godt sosialt, omsorgsfullt og pedagogisk tilbod til barna.
  • Vere ein varm, tydeleg og grensesetjande vaksen.
  • Likar å vere ute og vere ein god rollemodell.
  • Observasjon/tiltak i forhold til einskildbarn og gruppe.
  • Utføre oppgåver pålagt av ped.leiar eller styrar.
  • Delansvar for å auka kvaliteten på tilbodet.
  • Halde deg fagleg oppdatert.
  • Vere med å utvikle språket til barna igjennom munnleg deltaking og samspel.

Kvalifikasjonar:

  • Barne og ungdomsarbeider. Ufaglærte kan og søkje.
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt.
  • Erfaring frå arbeid med barn er ønskjeleg.

Personlege eigenskapar:

  • Me søkjer ein positiv, engasjert, fleksibel og initiativrik person som er villig og positiv til å arbeide opp mot fleire aldersgrupper.
  • Må lika å vere i samtale med barn og kunne bruke språket aktivt saman med barna.
  • Kunna bidra positivt til eit godt arbeidsmiljø og godt samarbeid mellom kolleger.

Me kan tilby:

  • Meiningsfullt og variert arbeid i eit positivt miljø
  • Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
  • God opplæring og samarbeid med andre
  • Rabatt på treningssenter
  • Tilbod om gunstig mobilabonnement
  • Bedriftskunstlag
  • Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)

Lønsvilkår:

Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Andre opplysningar:

Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjend politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller har vore i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.

Slik søker du:

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Vågshagen 22, 5582 Ølensvåg
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Barnehageassistent, Annet
FINN-kode
358660640
Sist endret
25. juni 2024 06:24