Bedriftssjukepleiar

Arbeidsgiver
Bedriftshelsetenesta, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Bedriftssjukepleiar
Frist
11.08.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Bli med oss på laget for å skape gode og helsefremmande arbeidsplasser i Helse Møre og Romsdal HF!

Vi har ledig ei midlertidig stilling som bedriftssjukepleiar i bedriftshelsetenesta.

Bedriftshelsetenesta (BHT) i Helse Møre og Romsdal HF er ein felles seksjon i foretaket med kontor i Kristiansund, Molde og Ålesund, og betener tilsette i heile foretaket. I seksjonen er det tilsett sjukepleiar, fysioterapeut, ergoterapeut, jordmor, rådgjevar for organisatorisk og psykososialt arbeidsmiljø, yrkeshygienikar og lege. BHT har eit godt tverrfagleg arbeidsmiljø organisert i faggrupper, og vi tilbyr varierte og utfordrande arbeidsoppgåver.

Arbeidsstad er primært Ålesund, men kan også vere i Molde. I tillegg må det påreknast ein del reiseverksemd mellom sjukehusa og dei øvrige institusjonane. BHT har godkjenning frå Arbeidstilsynet, og er organisert under HR-direktør. Oppstartsdato kan avtalast, men ønskjer snarleg oppstart for opplæring. Det kan verte høve til forlenging.

Arbeidsoppgåver

  • Å bidra inn i systematisk HMS-arbeidet i føretaket
  • Ha oppdrag tilpassa eigen fagkompetanse
  • Gjennomføre yrkesrelatert vaksinasjon og influensavaksinasjon

Kvalifikasjonar

  • Utdanna sjukepleiar
  • Erfaring/interesse innanfor førebyggjande og helsefremjande arbeid
  • Ønskjeleg med erfaring frå BHT-arbeid og HMS-arbeid
  • Erfaring/interesse for rettleiing og undervisning

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og effektivt, men kan samstundes fungere godt i team
  • Fleksibel i forhold til handsaming av ulike oppgåvar og personar

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Magny Landre, Seksjonsleder, +47 47297247, magny.landre@helse-mr.no

Arbeidsstad

Åsehaugen 5
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 4831955467
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.09.2024
Sluttdato: 01.04.2025
Søknadsfrist: 11.08.2024

Sektor
Offentlig
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
358671564
Sist endret
25. juni 2024 10:22