Inaktiv

ID 2213 Aspirantar - Stord brann og redning

Arbeidsgiver
Stord kommune
Stillingstittel
Aspirantar
Frist
18.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Me søkjer etter 3-4 aspirantar med oppstart 01.10.2024.


Arbeidsoppgåver:


  • Aspirantar vil gjennomgå ein introduksjonsperiode med intensiv opplæring som vil gå føre seg i ein periode over tre månader utan kompensasjon. Etter introduksjonsperiode vert det ein utsjekk før ein følgjer ei fadderordning i 18-21 månader der aspirantane følgjer vaktlaga sine øvingar (10-15 øvingar pr. år)og vert løna time for time. Når opplæringsperiode er ferdig, vil det gjennomførast utsjekkar for å kvalifisere seg til å gå vakter i brannvesenet.
  • Aspirantane vil gjennom opplæringsperioden vera kvalifisert til NBSK grunnkurs deltid, og må gjennomføre dette ved ledig kapasitet .

Ynskja kvalifikasjonar og utdanning


  • Me søkjer etter personar med plettfri vandel som har førekort kl. B-C, fagbrev/relevant utdanning, god fysisk form og har bustad innan 4- 5 minuttar frå brannstasjonen.
  • Naudsynt opplæring/utdanning blir gitt etter tilsetjing.
  • Det er i utgangspunktet ikkje ynskeleg å tilsette personar som inngår i anna vaktordning eller turnusordning.

Ønska personlege eigenskapar


  • Må kunna arbeide sjølvstendig og i team.
  • Vere lojal, ryddig, utadvendt, løysingsorientert og praktisk anlagt.
  • Personlege eigenskapar vil verta vektlagd ved tilsetting.

Generelle vilkår


  • Den som blir tilsett må ha bustad i nærleik 4-5 minutt til brannstasjon og være villig til å gjennomføre den opplæring som er nødvendig. Brannstasjonen har på kvardagar dagkasernert beredskap i tidsrommet kl. 08.00 -- 15.30 og deltidsmannskap har difor ikkje vakt i dette tidsrommet. Søkjar må ha hovudarbeidsgjevar si godkjenning for å gå i 4 delt vaktordning.
  • Før tilsetting må politiattest, samt dokumentasjon på tilfredsstillande helse leggast fram.
  • Fysisk test må gjennomførast.
  • Det vert kravd førarkort klasse B for stillinga. Det er ynskjeleg med klasse C og førarkort for utrykkingskøyretøy (kode 160). Førarkort for utrykkingskøyretøy inngår i opplæringa etter nærare avtale.

Tilsetting skjer på dei vilkår som går fram av gjeldande lover, reglement og tariffavtale. Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Kopi av vitnemål og attestar leverast under intervju.


Offentlig tenestepensjon i KLP - Kort fortalt


Løn og arbeidsvilkår etter avtale.


Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.


Kontaktperson:


Avd.leiar beredskap Frode Lillerud, mobil: 97552052, frode.lillerud@stord.kommune.no eller Brannsjef Jan Ove Anthun, mobil: 97552053, jan.ove.anthun@stord.kommune.no.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
4
Stillingsfunksjon
Sikkerhet, Annet, Vakt og sikkerhet
FINN-kode
358691126
Sist endret
25. juni 2024 11:46