Fysioterapeut - 100 % fast stilling

Arbeidsgiver
Volda kommune, Helse og forvalting
Stillingstittel
Fysioterapeut - 100 % fast stilling
Frist
16.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi søkjer etter deg som er ein fagleg dyktig fysioterapeut som ynskjer å bruke kunnskap og kompetanse til det beste for kommunen sine innbyggarar.

Stillinga er knytt til seksjon førebygging og rehabilitering, og er organisert under avdeling helse og forvaltning i helse og omsorgssektoren. I seksjonen finn du fastløna fysioterapeutar, ergoterapeutar, avtalefysioterapeutar og fagutviklingssjukepleiar. Meistring, førebygging og tidleg innsats er viktige nasjonale føringar som har stor betyding for utviklinga i seksjonen.

Arbeidsoppgåver

  • fysioterapitenester hovedsakleg for vaksne og eldre
  • undersøkingar, tverrfagleg vurdering, tilrettelegging og oppfølging av vaksne med behov for rehabilitering og fysioterapi, i og utanfor institusjon
  • gi målretta tenester med utgangspunkt i "kva er viktig for deg"? og kunnskapsbasert fysioterapi
  • leie gruppetilbod
  • samarbeide med relevante aktørar samt bidra til koordinering for å sikre eit helsskapleg rehabiliteringsforløp med brukaren i sentrum
  • gi råd og rettleiing av pasientar, pårørande, tilsette og andre
  • vere ein del av det tverrfaglege rehabiliteringsteamet
  • vere bidragsytar i det førebyggande arbeidet i kommunen

Kvalifikasjonar

  • autorisert fysioterapeut med interesse for arbeid i kommunehelsetenesta
  • gode norskkunnskapar, skriftleg og muntleg
  • ønskeleg med erfaring frå rehabiliteringsarbeid
  • ønskeleg med erfaring frå individ og gruppebehandling
  • kunnskap om IKT - verktøy og elektronisk samhandling
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • stor arbeidskapasitet, der du meistrer å prioritere arbeidsoppgåver i ein travel kvardag
  • at du utfører arbeidsoppgåver med god kvalitet og yrkesfagleg stoltheit
  • at du er open for nye måtar å jobbe på, er nyskjerrig og tek initiativ
  • har positive haldningar og stor fleksibilitet
  • evne til å arbeide sjølvstendig og ta sjølvstendige avgjersler
  • at du verdsetter å dele kunnskap med andre og trivast med å jobbe i eit tverrfagleg miljø
  • personlege eigenskapar blir vektlagt

Vi tilbyr

  • høve til å påverke eigen arbeidskvardag
  • eit godt, tverrfagleg arbeidsmiljø med fagleg dyktige og engasjerte medarbeidarar
  • utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • fagleg og personleg utvikling
  • løn etter gjeldande avtalar

Kontaktinformasjon

Randi Heltne Alfsvåg, Fagleiar, 91623905, randi.heltne.alfsvag@volda.kommune.no
Ingunn Gjengedal, Assisterande kommunalsjef, 92 43 62 45, ingunn.gjengedal@volda.kommune.no

Arbeidsstad

Barstadmarka 2
6100 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Volda kommune

Referansenr.: 4823473967
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.08.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Barstadmarka 2, 6100 Volda
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier, Helsepersonell / Fysioterapeut
FINN-kode
358693689
Sist endret
25. juni 2024 12:56