Inaktiv

Fastlege

Arbeidsgiver
Helse og førebygging, Vinje kommune
Stillingstittel
Fastlege
Frist
18.07.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Me ynskjer oss ein fastlege til på laget som kan vera med på å byggje Norges beste distriktslegekontor.

Vinje legekontor er eit veldrive og moderne legekontor som set verdiar som nærleik og tid til pasientane våre høgt.

Me er opptatt av at du skal få rammer og moglegheit til å fylgje opp den enkelte pasient som fastlege, i tett samarbeid med kollegaene dine på legekontoret og i dei andre kommunale tenestene. Tverrfagleg samarbeid er viktig for oss, og me er stolte av å ha høg kompetanse i alle ledd av dei kommunale tenestene. Dei tilsette har kjent pasientane våre og kvarandre i mange år, og me meiner me har ein unik evne til å ta vare på kvarandre og dei me er her for. Hos oss får du jobbe med ekte distriktsmedisin i ein fagleg variert og interessant arbeidskvardag!

Vinje Kommune har god økonomi og konkurransedyktige lønsbetingelsar. Me ynskjer legar på laget som motiverast av å levere allmennlegetenester av høg kvalitet til rett tid, som er opptekne av fagleg utvikling og som ser verdien av ein kvardag som lege der arbeidet gjev meining, glede og overskot til livet etter 15:30. Legane hos oss har fastløn.

Me er eit velfungerande team på i legeavdelinga på 7 fastlegar og 2 LIS1 stillingar. Per i dag har me tre legar som er spesialistar i allmennmedisin og tre som er under spesialisering. Me set høge mål for tenestene våre og skal i løpet av dei neste åra bli Norges beste distriktslegekontor.

Legetenesta i Vinje kommune er organisert under verksemda helse og førebygging saman med helsestasjon og skulehelsetenesta, kommunepsykolog, fysio og ergoterapitenesta og det interkommunale jordmorsamarbeidet.

Legetenesta har i dag to utekontor i tillegg til hovudkontor i Åmot. Me har både sjukepleiarar og helsesekretær i teamet. Kommunen har både kols og diabetessjukepleiar knytt til legekontoret. Me har dialyseavdeling på huset som fungerer som ei satellitt avdeling frå Sjukehuset Telemark. Me er godkjent som utdanningsverksemd og tilbyr ALIS avtale med veiledning for alle fastlegar.

Legedrifta er ein del av Vinje Helsesenter og me jobbar tett saman med andre tenester som psykisk helse og rus, helsestasjon og fysio/ergoterapitenesta. Vinje er vertskommune for det interkommunalt jordmorsamarbeidet i Vest-Telemark som dekker oppfylging i svangerskapet, fylgjeteneste ved fødsel og oppfylging i barseltida. Me er ein framoverlent kommune på om lag 3800 innbyggarar, sjå meir om kommunen vår her: www.vinjenaturlegvis.no



Arbeidsoppgåver

  • Kurativt legearbeid og ø-hjelp på dagtid
  • Legevaktsarbeid
  • Kommunale oppgåver
  • Pasientkonsultasjonar med listetak på p.t. 730
  • Samarbeid med andre faggrupper i kommunen si helseteneste

Kvalifikasjonar

  • Spesialistgodkjenning i allmennmedisin eller under spesialisering i allmennmedisin
  • Norsk autorisasjon som lege
  • Gode kommunikasjons- og samhandlingsevner
  • Førarkort klasse B
  • God framstillingsevne i norsk, munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Du er fleksibel og har erfaring med å takle akutte situasjonar
  • Du har ei positiv innstilling og fagleg engasjement
  • Du har gode samarbeidsevner
  • Du er løysingsorientert
  • Du møter pasientar og menneske der dei er, og fylgjer pasientane dine tett opp

Me tilbyr

  • Særs gode kollegaer
  • Eit arbeidsmiljø prega av høg kompetanse, fagleg trygge og dyktige arbeidskollegaer
  • Løn etter avtale
  • 2 ekstra veker fri per år
  • 2 x 5 dagar ekstra fri med løn per år til utdanning/kurs
  • Kontortid frå 08:00 – 15:30
  • Redusert legevaktsarbeid
  • Avsett skjerma dag til administrasjon
  • Veiledning og tilrettelegging for oppstart i spesialisering allmennmedisin
  • Allsidig pasientgruppe
  • Gratis skulemat på skulane
  • God forsikrings- og pensjonsordning
  • Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

Kontaktinformasjon

Ingrid Helene Smeland, Avdelingsleiar legekontor og legevakt, 97053462, ingrid.helene.smeland@vinje.kommune.no

Arbeidsstad

Vinjevegen 212

3890 Vinje

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vinje kommune



Referansenr.: 4830951369

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 18.07.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Vinjevegen 212, 3890 Vinje
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Lege, Lege / Allmennmedisin
FINN-kode
358694903
Sist endret
25. juni 2024 12:51