Logistikkmedarbeider

Arbeidsgiver
Service og logistikk avdeling, Helse Fonna HF
Stillingstittel
Logistikkmedarbeider
Frist
18.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Forsyningstjenesta ved Haugesund sjukehus har behov for ny logistikkmedarbeidar. Vi har som hovudoppgåve å forsyna sjukehusets avdelingar med rette mengder varer, til rett tid. Vi treng å få ein ny medarbeidar på laget vårt. Brenner du for logistikkfaget og ønskjer å bidra i eit godt fagmiljø med 9 andre kollegaer, ser vi med stor spenning etter akkurat deg og din kompetanse.

Arbeidsoppgåver

  • Utlevering av varer
  • Tilrettelegging på plukk-/sterilt lager
  • Bruk av innkjøps- og logistikksystem
  • Holde orden/reint på dei ulike forsyningromma
  • Varemottak
  • Utpakking
  • Bestillingar
  • Klargjøring av lagervarar.
  • Fakturering av intern ordre
  • Arbeidsoppgaver knytta mot ulike behov i einingane
  • Transport mellom lokasjoner i føretaket.
  • Det kan bli endringar i ansvarsområde og arbeidsoppgåver for stillinga, men oppgåvene skissert over er i hovudtrekk det som er tillagt denne stillinga

Kvalifikasjonar

  • Det er ønskeleg med fagbrev innan logistikkfaget, eller anna relevant fagbrev.
  • God erfaring fra logistikkfaget kan kompensera for manglende fagbrev.
  • God kjennskap og erfaring med bruk av IT- logistikksystem. (Helse Fonna brukar SAP
  • Må ha god forståing for vareflyt og lagerlogistikk
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Må kunna gjera seg forstått, og kunne kommunisera på engelsk. Mange av leverandørane våre har utanlandske sjåførar
  • Må ha førarkort for bil, minimum klassa B (manuell gir)

Personlege eigenskapar

  • Strukturert
  • Initiativrik
  • Ansvarsbevisst
  • God på kommunikasjon
  • Du er i god form til fysisk arbeid
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Serviceinnstilt

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande semje
  • Godt arbeidsmiljø
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivs-bedrift (IA-bedrift)
  • For å kunna vurdera førerett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden

Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Jens Ove Hovda, Avdelingsleiar, +47 95700945, jens.ove.hovda@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Karmsundgata 120

5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF



Referansenr.: 4833058977

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 18.08.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Stillingsfunksjon
Logistikk og lager, Logistikk og lager / Lagermedarbeider
FINN-kode
358695752
Sist endret
25. juni 2024 12:57