Seksjonsleiar legetenesta

Arbeidsgiver
Nevrologisk seksjon, Helse Førde
Stillingstittel
Seksjonsleiar legar Nevrologisk seksjon
Frist
04.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vår gode leiar gjennom mange år trappar ned og i den forbindelse lyser vi ut stillinga som seksjonsleiar for legetenesta.
Stillinga innebere omlag 50% som seksjonsleiar og 50% som klinisk overlege.

Nevrologisk avdeling er ein del av Avdeling for nevrologi, revmatologi og rehabilitering, ANRR. Seksjonsleiar for legar ligg organisert under avdelingssjef ANRR

Seksjonsleiar skal ha einheitleg ansvar for fag, økonomi og personal for legetenesta og inngår i leiargruppa i ANRR avdeling. Seksjonsleiaren vil få støtte i utføring av oppgåvene frå fagansvarlege overlegar, utdanningsansvarleg overlege og frå avdelingssjef. Seksjonen har til ei kvar tid omlag 15 legar tilsett.

Vi har 14 senger i ANRR sengepost inkludert slageining, poliklinikk med laboratorium for klinisk nevrofysiologi, EEG-laboratorium og fagsjukepleiarar innan epilepsi, parkinson, slag, hjernekreft og MS. Nevrologisk avdeling i Helse Førde har fagavtale med nevrologisk- og nevrokirurgisk avdeling på Haukeland Universitetssykehus for deler av spesialiseringsforløpet.

Helse Førde er for tida inne i eit omfattande og spennande utviklingsarbeid. Vi ser med entusiasme fram mot hausten 2024 då vi skal flytte inn i ny og moderne sengepost med einerom til alle våre pasientar og gode arbeidsforhold for våre tilsette. Vi arbeider kontinuerleg med utvikling og forbetring av tenestene samt organiseringa av desse.

Oppstart i stilling september 2024 eller etter nærmare avtale.



Arbeidsoppgåver

  • Einheitleg leiing (fag, økonomi og personal)
  • Leiing og utvikling av det nevrologiske fagmiljøet ved FSS
  • Fagansvar innan nevrologi
  • Oppgåveplanlegging og ressurfordeling
  • Medarbeidaroppfølging
  • Månadleg rapportering vedkomande aktivitet og økonomi, budsjettprosess m.m.
  • Deltaking i leiarmøter i avdeling, klinikk og føretak
  • Kvalitetsarbeid som inkluderar internkontroll, avviksbehandling, saker til NPE, forbetringsprosjekt osv.

Kvalifikasjonar

  • Spesialist innan Nevrologi
  • Erfaring frå kompetansearbeid blant legar
  • God datakunnskap / tryggheit i bruk av dataverktøy
  • Kjennskap til drift av legeteneste i sjukehus
  • Erfaring som fagleiar eller administrativ leiar i helsetenesta, eventuelt frå andre organisasjonar er ein fordel
  • Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Du har organisatoriske evner og likar å jobbe som leiar
  • Du er fleksibel, positiv, men også resultatorientert og beslutningsdyktig
  • Du har eigenskapar som fremjar kommunikasjon og samhandling internt og eksternt
  • Du har eit heilheitleg perspektiv på helsetenesta og ser nevrologisk verksemd på FSS som ei brikke i det totale helsetilbodet for befolkninga i Helse Førde sitt nedslagsfelt

Vi tilbyr

  • Ein spennande og utfordrande jobb i eit godt fagmiljø
  • Lønn etter avtale
  • Fagleg utvikling innan leiing og fag
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø

Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Anne Marit Sølvberg Rygg, Avdelingssjef, (+47) 958 25 538

Arbeidsstad

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde



Referansenr.: 4825943871

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 04.08.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Stillingsfunksjon
Ledelse, Helsepersonell, Lege
FINN-kode
358711273
Sist endret
25. juni 2024 02:15