Sjukepleiar

Arbeidsgiver
Kvam heimeteneste, Kvam herad
Stillingstittel
Sjukepleiar
Frist
11.08.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Er du vår nye kollega?

  • Me søkjer etter sjukepleiar til 100 % vikariat i Kvam heimeteneste
  • Stillinga er ledig frå snarast og tom. 01.09.25, det kan bli aktuelt med forlenging
  • Stillinga er i turnus med arbeidshelg kvar 3. helg. Langvakter kvar 4. helg er også ei moglegheit om ønskjeleg

Kvam heimeteneste gjev heimesjukepleie og praktisk bistand til heimebuande frå Kjepso til Ljones. Tenesta er i utvikling og me har fokus på styrking av kapasitet og kompetanse for å møte nye utfordringar. Målet er at det å bu i eigen heim skal vera eit reelt alternativ til tenester høgare oppe i omsorgstrappa. Sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og heimehjelparar jobbar tett saman i team.

Kvam heimeteneste er organisert under Tenester til heimebuande saman med korttidsavdelinga, hjelpemiddellager og dagaktivitetstilbod. Me har og eit nært samarbeid med andre grupper i pleie og omsorg.



Arbeidsoppgåver

Sjukepleie primært knytt til heimebuande i Kvam.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Du må kunne arbeida sjølvstendig
  • Må ha førarkort klasse B
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
  • Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden.
  • Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.

Personlege eigenskapar

Me søkjer deg som:

  • er fleksibel og tek ansvar
  • møter andre på ein respektfull og open måte
  • deler og aukar kunnskap
  • er open for endringar

Vi tilbyr

  • Me tilbyr spanande arbeidsoppgåver i eit arbeidsmiljø med høg fagdekning
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
  • Som sjukepleiar i heil stilling får du rekrutteringstillegg med 25 000,- pr år (forhaldsmessig ved deltid)
  • Gode pensjons-/og forsikringsordningar

Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.

Kontaktinformasjon

Annelin Aga, Gruppeleiar Kvam heimeteneste, +47 482 08 990

Arbeidsstad

Nedre Norheim 44

5600 Norheimsund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kvam herad



Referansenr.: 4828899718

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Søknadsfrist: 11.08.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Nedre Norheim 44, 5600 Norheimsund
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
358804070
Sist endret
26. juni 2024 10:47